Stortinget - Møte onsdag den 17. desember 2008 kl. 10

Dato: 17.12.2008

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Bjørg Tørresdal (KrF) [11:37:08]: «I Eidsberg kommune i Østfold har fire enslige mindreårige asylsøkere (EMA) fra 14–15 år vært midlertidig plassert i et fosterhjem siden 20. juli 2008. Barna har ikke fått skolegang. Begrunnelsen for dette har blant annet vært at de er midlertidig plassert. De har altså ikke fått formell skolegang på et halvt år. Dette er i strid med norsk lovgivning og Barnekonvensjonen.

Hvordan kan statsråden sikre at alle EMA, enten de er midlertidig plassert i fosterhjem eller bosatt i omsorgssenter, får skolegang raskt etter plasseringen?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:37:52]: Lat meg først seie at reglane her er veldig klare. Hovudregelen er at alle barn og unge i Noreg har rett og plikt til grunnskuleutdanning, og det gjeld både for norske statsborgarar og utlendingar. Barn som søkjer asyl, har rett til grunnskuleutdanning når det er sannsynleg at barnet vil opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader, eller når det er sannsynleg at det vil verte gjeve opphaldsløyve. I denne saka er det opplyst at barna ikkje har fått skulegang m.a. fordi dei er mellombels plasserte, men dette har ingen relevans når det er opphald som varer meir enn tre månader. Plikta til grunnskuleopplæring gjeld når opphaldet i Noreg har vart i tre månader.

Etter opplæringslova § 13-1 har kommunen plikt til å oppfylle retten til grunnskuleopplæring og spesialpedagogisk hjelp for alle som er busette i kommunen. Eg viser òg til at det er fylkesmennene som har tilsynsansvaret for at barna har fått opplæring i samsvar med opplæringslova.

Representanten Tørresdal spør korleis ein kan sikre at einslege mindreårige asylsøkjarar kan få skulegang raskt etter at dei er plasserte i omsorgssenter eller mellombels i fosterheim. Departementet har vore i kontakt med Barne- og likestillingsdepartementet som opplyser at det er klare rutinar for å varsle skuleetaten i kommunen når eit barn vert plassert i omsorgssenter eller fosterheim. Dette gjeld både når dei vert plasserte i omsorgssenter og i mellombelse plassar. Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år som vert plasserte mellombels i fosterheim, ligg administrativt under Barne-, ungdoms- og familieetaten region aust. Fosterheimen skal, slik avtalen som er inngått med Bufetat region aust, tilseier, varsle kommunen om at det er plassert barn i kommunen som har rett på grunnskuleopplæring. Ansvaret for dei rutinane er lagt til det statlege barnevernet, som frå desember 2007 overtok ansvaret for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Eg er kjent med at i den aktuelle saka i Østfold har Bufetat region aust peika på mangelen overfor fosterheimen.

Bjørg Tørresdal (KrF) [11:40:03]: Jeg er veldig glad for at kunnskapsministeren er tydelig i sin tale. Alle barn som oppholder seg i Norge, skal ha skolegang. Derfor er det feil at disse fire ikke har fått det. Det som er min og Kristelig Folkepartis bekymring, er at det finnes flere barn i Norge som ikke får den skolegangen de har krav på. De er først og fremst barn, og så er de asylsøkere. Men de er først og fremst barn med alle de rettigheter som alle barn i Norge har.

Nå svarer statsråden, som jeg også hadde forventet, at her må rutinene skjerpes, og her må de som har ansvaret, si tydeligere fra om hvilke rettigheter og plikter grunnskoleopplæringen medfører.

Mitt oppfølgingsspørsmål til statsråden blir: Hvordan kan en gjøre skolene og grunnskolene i stand til raskt å ta imot, for det hjelper jo ingenting om det er gitt beskjed, dersom skolene ikke tar imot raskt? Er det lagt noen føringer for hvordan en skal sette Skole-Norge i stand til å ta imot disse barna?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:41:05]: Dessverre er det slik at representanten har heilt rett. Dette er langt frå det einaste eksemplet på at det er barn i Noreg som ikkje får oppfylt sin lovfesta rett til skulegang. Det gjeld nok einslege mindreårige asylsøkjarar, men det gjeld dessverre òg andre barn som f.eks. ikkje har lovleg opphaldsløyve i Noreg, kanskje over ein lengre periode enn det er snakk om her. Dette er eit svært viktig spørsmål som vi må ta på det største alvor, og som har eit breitt sett av løysingar i skulen og Bufetat, men òg i andre sektorar i samfunnet.

Når det gjeld spørsmålet om EMA, som vi her er inne på, er eg einig med representanten i at sjølv om ansvaret og meldeplikta ligg hos Bufetat, har òg vi i skulen eit ansvar. Det skulen må vere førebudd på, er raskt å kunne handtere at elevar kjem til ein skule og skal ha eit godt tilbod der. Mi oppfatning er at mange kommunar etter kvart har vorte dyktigare på det, og vi jobbar med – ikkje minst overfor dei kommunane der vi veit at det skjer ganske ofte – å førebu både kommunar og skular på raskt å handtere ein slik situasjon.

Bjørg Tørresdal (KrF) [11:42:14]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Jeg tror det er behov for å gjøre et stykke arbeid for å få oversikten over hvordan dette fungerer. Vi vet hvilke barn det er som er midlertidig plassert, og vi vet hvilke barn det er som er i omsorgssenter. Jeg vil oppfordre statsråden til å sjekke ut om disse barna får opplæring der de er. Selv om bedre rutiner selvfølgelig skal på plass, er det nå engang slik at vi må se på om rutinene virker. Det kan være meldt fra om at barnet er kommet, men det kan likevel stå uten skolegang.

Så mitt spørsmål blir altså: Vil statsråden foreta seg noe aktivt nå for å få en oversikt over hvordan tilstanden er, om norske enslige mindreårige asylsøkere får den skolegangen de har krav på?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:43:01]: Lat meg først seie at det er ingen tvil om at hovudbiletet er at det vert gjort eit fantastisk godt arbeid i barnevernet, i omsorgssenter og i skulen. For ikkje lenge sidan besøkte eg sjølv Eidsvoll, der det ligg eit omsorgssenter. Senteret sjølv har store utfordringar knytte til dei einslege mindreårige som er der, men skulen og kommunen har på kort varsel klart å takle ei veldig vanskeleg utfordring med ein vanskeleg ressurssituasjon på ein god måte. Der har ein sett store forbetringar i den måten dei handterer dette på. Det viser at vi både lokalt og nasjonalt er opptekne av desse problemstillingane.

Eg skal ta med meg vidare oppfordringa om å kartleggje grundigare og gå inn i spørsmålet om korleis oppfølginga av einslege mindreårige er i skulen. Det kan hende at det er eit godt råd å gjere det, i tillegg til å sikre at dei rutinane vi har på plass, er gode.

Presidenten: Da går vi tilbake til spørsmål 3.