Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 2009 kl. 10

Dato: 18.03.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 2

Arne Sortevik (FrP) [11:17:05]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:

«Regjeringen har innført CO2-avgift på nye biler i Norge. Virkningen på bilparken i Norge er liten, fordi Norge har fortsatt en gammel bilpark. Effekt for energiforbruk, utslipp, transportkvalitet og ikke minst trafikksikkerhet er stor dersom bilparken kan fornyes kraftig over kort tid. Finanskrisen gir nytt fokus på dette og derved nye muligheter.

Hva vil statsråden gjøre for å få til en omfattende fornyelse av bilparken i Norge som en viktig del av arbeidet med å forbedre transportkvalitet og trafikksikkerhet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:17:50]: Det er ikkje rett at Regjeringa har innført CO2-avgift på nye bilar. Men frå 2007 la Regjeringa om systemet for eingongsavgifta.

Eingongsavgifta er i utgangspunktet pålagd alle bilar unnateke lastebilar og bussar. Før 2007 var nivået på eingongsavgifta bestemt ut frå køyretøyet si vekt, slagvolum og effekt. Frå 2007 vart slagvolumkomponenten erstatta med ein CO2-komponent. Omlegginga førte til at bilar med låge CO2-utslepp vart rimelegare enn tidlegare, og at bilar med høge utslepp vart dyrare. Innføringa av ein CO2-komponent førte til ein kraftig nedgang i gjennomsnittlege utslepp frå nye bilar. Medan nye bilar selde i 2006 hadde eit gjennomsnittsutslepp på 177 gram CO2 pr. køyrde km, hadde nye bilar selde i 2007 eit gjennomsnittsutslepp på 159 gram pr. km. Til samanlikning var gjennomsnittsutslepp frå nye bilar i Sverige 181 gram pr. km i 2007. For å stimulere til ytterlegare nedgang er det innført ytterlegare avgiftslette for bilar med små utslepp og auke for bilar med høge utslepp, frå 2009.

Regjeringa vil fortsetje å bruke avgiftspolitikken for å stimulere hushald og næringsliv til å velje mest mogeleg energieffektive og utsleppseffektive køyretøy. Det er viktig å vere merksam på at det er svært energikrevjande å produsere ein bil. Frå eit energi- og miljøperspektiv er det difor ikkje sjølvsagt at det er effektivt å stimulere til ei raskare utskifting av bilparken. Derimot er det klart positivt at dei nye bilane som uansett vert kjøpte, er mest mogeleg utslepps- og energieffektive.

Solveig Horne hadde her overtatt presidentplassen.

Arne Sortevik (FrP) [11:19:33]: Like fullt er det slik at Norge har en bilpark med høy gjennomsnittsalder, og at Norge har stort behov for fortsatt bilbasert transport. Andre land, som har en betydelig yngre bilpark enn Norge, gjennomfører nå tiltak innenfor rammene av sine tiltakspakker for å få fart på økonomien. I Tyskland økes vrakpanten. Det har ført til nybilsalg, f.eks. i februar, som er det beste på mange år. Jeg har merket meg at i Italia forsøker man en vri, man kobler meget høy vrakpant til hvor energieffektivt nybilkjøpet er.

Min oppfølging er derfor: Bør ikke samferdselsministeren være med på å legge til rette for en langt raskere fornyelse av bilparken for å få bedre energieffektivitet inn i transportsektoren?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:20:31]: Som eg sa i mitt hovudsvar, er det ikkje gitt at ei raskare utskifting er det rette svaret i eit miljøperspektiv. I eit tryggleiksperspektiv, det å få nye bilar som kan vere tryggare og betre enn eldre bilar, er det eit tilleggsperspektiv. Men i dag diskuterer me miljø og CO2-spørsmål, klimautslepp. Tyskland, Sverige og ein del andre europeiske land har ein enormt stor bilproduksjon. Det er ei av dei verkelege søylene i deira økonomiske politikk. At dei brukar denne politikken for å stimulere nybilkjøp for derigjennom å sikre arbeidsplassar i bilindustrien, er sjølvsagt på same måte som me innrettar vår tiltakspakke for å sikre at me beheld arbeidsplassar innanfor våre industriar og våre arbeidsområde. Så det er ein litt annan samanheng enn det miljøperspektivet me diskuterer i dag.

Arne Sortevik (FrP) [11:21:39]: Skatt og avgift ved kjøp av ny bil påvirker mange forhold. Transportkvaliteten er berørt, og statsråden har også pekt på trafikksikkerheten i dette siste tilsvaret. Det er klart at kjøp av nyere bil også gir sikrere bil. I møtet som transportkomiteen for en tid tilbake hadde med trafikutskottet i den svenske riksdagen, ble trafikksikkerhetsspørsmål diskutert. Svenske politikere pekte på to hovedgrep for å redusere trafikkulykker og dødsulykker på veiene: sikre veier og sikre biler. Kraftig fornyelse av bilparken i Norge kan derfor være et avgjørende viktig tiltak for å få redusert dagens ulykkesnivå mer i retning av den nullvisjonen vi alle ønsker å se gjennomført.

Bør ikke de som vil skifte bil for å få bedre sikkerhet og samtidig mindre energiforbruk, oppmuntres økonomisk og ikke straffes økonomisk?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:22:45]: Eg kan ikkje vere einig i den beskrivinga at ein vert straffa økonomisk om ein ynskjer å byte bil. Men det ligg eit incentiv til dei som vil kjøpe miljøvenleg bil, om å gjere det, òg på den økonomiske biten. Det å skifte ut bilparken til ein meir moderne bilpark er eg heilt einig med Sortevik i har eit tryggleiksperspektiv som går utover det politiske.

Avgifter er eit spørsmål for finansministeren og ikkje for samferdsleministeren, så me beveger oss kanskje litt over på finansminister Kristin Halvorsen sitt område. Eg skal difor vere litt forsiktig med korleis eg svarer. Men Regjeringa har eit veldig klart mål. Det er at me skal modernisere vegnettet, og me skal bidra til ein miljøvenleg bilpark. Eg trur at akkurat det siste vil vere ein viktig bit av miljøkampen og kampen mot klimautslepp framover, og at me skal få ned talet på dødsulukker på vegane gjennom eit breitt sett med tiltak.