Stortinget - Møte onsdag den 4. november 2009 kl. 10

Dato: 04.11.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [12:07:18]: «God mobildekning er svært viktig for både næringsliv og enkeltpersoner. 95 pst. av husstandene i Agder har mobildekning, men målt på mikronivå viser det seg at dekningen flere steder er langt lavere. I Iveland har under halvparten av husstandene dekning. Under høstens valgkamp lovet daværende kommunal- og regionalminister Kleppa å ta tak i denne saken. Mange er derfor svært skuffet over at det ikke er satt av midler til dette i statsbudsjettet for 2010.

Hvordan vil statsråden bidra til full mobildekning i Agder?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:07:53]: Regjeringa sitt mål er at folk skal kunna velja kvar dei vil bu. Eg er oppteken av å sikra mobildekning som medverkar til ein slik valfridom, i tillegg – sjølvsagt – til mange andre faktorar.

Noreg er i dag faktisk eit av landa i verda med best mobildekning. Heile 99,9 pst. av husstandane og meir enn 87 pst. av landområda er dekt av eitt eller fleire mobilnett. Det inneber at om lag 10 000–15 000 personar ikkje har mobildekning der dei bur. Vi veit at langt fleire enn dette vil oppleva at dei ikkje har dekning på grunn av kvaliteten på mobiltelefonen, bygningstekniske hindringar eller demping av signala. Målingane frå Agder tyder på akkurat det.

Med så god mobildekning som vi har i Noreg, forventar folk med rette at mobiltelefonen skal fungera til kvar tid. Folk legg opp dei daglege gjeremåla sine ut frå det. Det gjer det jo ekstra vanskeleg for dei få som bur, driv næring eller ferdast mykje i område med dårleg dekning. Dei områda som framleis manglar tilfredsstillande mobildekning, har gjennomgåande for liten aktivitet til at det er lønnsamt for tilbydarane å byggja ut dekning.

Eg er imponert over det samarbeidet som dei har fått til i Agder.

Lat meg gjera merksam på at det faktisk finst midlar til vidare utbygging òg i statsbudsjettet for 2010. For det fyrste er dei frie inntektene til kommunar og fylkeskommunar styrkte, og for det andre er dei midlane til fylkeskommunane som skal gå til distriktsutvikling, auka. Dessutan er det særskilde midlar til infrastruktur på kommunal- og regionalministeren sitt budsjett. Omfanget av dei såkalla restmidlane er på om lag 100 mill. kr. Desse blir førte over til fylkeskommunar som har kommunar i det distriktspolitiske verkemiddelområdet. Agder-fylka kan på den måten etter avtale med Kommunal- og regionaldepartementet nytta desse midlane til betre mobildekning.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [12:10:32]: Takk for eit godt svar.

Eg er glad for at statsråden er imponert over samarbeidet i Agder. Eg trur kanskje det er ein modell som ein kunne ha sett på fleire plassar der ein har eit godt samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar.

Som statsråden kanskje er klar over, er forprosjektet klart. Ein har gått igjennom og sett på dekninga i kommunane, og no manglar ein eigenleg berre pengane. Eg legg merke til at statsråden peiker på at det er andre postar som kommunane og fylkeskommunen kan bruke. Men etter forprosjektet manglar det ca. 60 mill. kr. Kommunane og fylkeskommunen ser kanskje for seg ei tredeling, eit spleiselag, der kommunane bidreg med 20 mill. kr, fylkeskommunen med 20 mill. kr, og ein hadde då venta eller håpt at statsråden kunne spytte i dei siste 20 millionane – i alle fall ut frå tidlegare signal.

Så mitt spørsmål er eigenleg berre: Kan statsråden sjå på moglegheita for konkret å kome med fleire statlege midlar til prosjektet?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:11:29]: Eg kan bekrefta at eg har vore i møte med dei ulike aktørane som står for dette samarbeidet i Agder-fylka. Eg har dermed god grunn til å seia meg imponert når det gjeld kva dei allereie har fått til med breiband. Dei har gjort eit godt arbeid både når det gjeld innkjøp og forhandlingar med tilbydarar. Dei har òg fått sentrale midlar frå den Høykom-ordninga som var på eit tidlegare tidspunkt, og frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Så er det nok slik at det er mange gode prosjekt som kunne ha fått statleg støtte om omfanget av midlar i statsbudsjettet var endå større, men her er altså nokre lyspunkt.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) [12:12:36]: Iveland kommune er jo ein kommune som me begge to kjenner godt. Under 50 pst. mobildekning er uakseptabelt. Så langt eg har sett, har statsrådens ambisjon vore at det skal vere full mobildekning, og statsråden har òg uttalt at ein ønskjer å bruke opp mot 1 milliard kr for å få det til. Derfor har eg eit håp om at statsråden kan vere litt meir konkret, for det kan ordnast relativt billig å sikre at heile Agder får full mobildekning.

Spørsmålet blir: Er det mogleg å sjå på ei ordning der ein kan gå inn med f.eks. 20 mill. kr i statlege midlar for å få til eit spleiselag slik at Agder får full mobildekning? Og i så fall: Er det mogleg å gjere det på kort tid?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:13:24]: Lat meg fyrst seia: Når det gjeld mobildekning, har det jo skjedd veldig mykje dei siste fire åra òg frå samferdselsmyndigheitene si side – det gjeld både departementet og Post- og teletilsynet. Det er no dekning til ei rekkje vegstrekningar og tunnelar, og nettet har vorte kraftig oppgradert for å levera langt høgare datakapasitet og fleire tenester enn tidlegare.

Så kunne nok presidenten bortimot ha korrigert meg på at eg beveger meg langt over i kommunal- og regionalministeren sitt ansvarsområde. Eg kjenner det godt, og eg veit at det er meir midlar til fylkeskommunane enn det var i inneverande år. Det er òg desse restmidlane som er til disposisjon, så eg kjem til å ta kontakt sjølv med kommunal- og regionalministeren og be henne følgja opp overfor desse kommunane, utan at eg i dag lover konkrete beløp.

Presidenten: Presidenten er helt sikker på at kontakten er god mellom de to omtalte statsråder.