Stortinget - Møte onsdag den 3. mars 2010 kl. 10

Dato: 03.03.2010

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Borghild Tenden (V) [11:58:08]: Spørsmålet lyder:

«Befolkningsveksten i Akershus er sterkt økende. Dette medfører stor pendlertrafikk inn mot Oslo, dagpendlere som vi av miljø- og fremkommelighetshensyn vil ha over på kollektivtrafikk. I vestregionen vil det bli hyppige togavganger når det nye dobbeltsporet åpner. For at folk skal velge å reise med toget, må det bygges lett tilgjengelig innfartsparkering.

Hvor mange nye innfartsparkeringsplasser i Asker og Bærum vil stå ferdige når det nye dobbeltsporet om kort tid åpner?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:58:44]: Eg deler det synet representanten Tenden her målber. Befolkninga i Akershus veks, og vi må ha eit kollektivsystem som kan ta seg av denne veksten. I tillegg må ein større del av trafikken gå med kollektive transportmiddel av omsyn til miljø og trafikktryggleik.

Utbygginga av nytt dobbeltspor i Vestregionen er eit særs viktig tiltak for å få fleire til å ta toget. For mange av dei reisande vil det å setja frå seg bilen på stasjonen vera ein stor fordel.

I Asker og Bærum kommunar rår Jernbaneverket i dag over til saman 998 plassar for innfartsparkering. I tillegg kjem kommunale og private plassar.

Ved Lysaker stasjon skal det i haust opparbeidast 50 plassar. I tillegg arbeider Jernbaneverket og Bærum kommune med reguleringsplan for ytterlegare 70 plassar på tomta ved sida av, som Jernbaneverket òg eig. Ein tek sikte på finansiering gjennom Oslopakke 2.

Det skal byggjast eit anlegg for samtidig vending av tre tog ved Høvik stasjon. Stasjonen må byggjast heilt om, og det ligg inne i planane å opparbeida om lag 100 innfartsparkeringsplassar ved stasjonen.

Utover dette søkjer Jernbaneverket å gjera om 80 plassar som Rom Eiendom eig under bussterminalen i Sandvika, til innfartsparkering.

Alt i alt skulle dette gje 300 nye plassar til pendlarane.

Borghild Tenden (V) [12:00:36]: Jeg takker statsråden for svaret.

Tidligere samferdselsminister Liv Signe Navarsete brukte ofte Stockholm-regionen som eksempel på et suksessområde, fordi de hadde innført rushtidsavgift på 20 kr – dette i motsetning til bomringen i vestregionen, der man betaler 40 kr pr. passering. Men vi skal la det ligge nå.

Jeg var i Stockholm og besøkte de folkevalgte der, og de sa at suksessen i Stockholm-regionen skyldtes at alle innfartsparkeringsplassene lå til rette før rushtidsavgiften ble innført. Mitt spørsmål til statsråden er: Er dette noe statsråden er kjent med?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:01:25]: Dette er informasjon som eg ikkje har hatt moglegheit til å gå nøye inn i på dette tidspunktet, men som vil vera viktig i dei avvegingar som blir gjorde lokalt i dei byområda der dei no drøftar avgrensingar i biltrafikken. Det som vi veit frå før, er at ein føresetnad for avgrensing av biltrafikken er eit godt kollektivtilbod. Då har eg så langt vore oppteken av å utrusta byområda med ulike verktøy som dei kan velja mellom lokalt. Eg ser at det som gjeld parkeringsplassar, òg der er eit godt tips, og eg vil understreka at Jernbaneverket har eit engasjement på dette feltet, som eg viste til i mitt første svar.

Borghild Tenden (V) [12:02:32]: Bakgrunnen for dette spørsmålet mitt er en oversikt i Aften som viser at det ved flere av togstasjonene rett og slett ikke er tenkt på nye innfartsparkeringsplasser. Nå hører jeg statsråden si at det skal bygges 300 nye plasser. Så har det vært oppslag i lokalmedia om at det om 20 år vil være 200 000 innbyggere i vestregionen, og da er mitt spørsmål: Er statsråden fornøyd med de 300 plassene som nå bygges? Eller vil hun være en pådriver for at Jernbaneverket skal komme opp med mer penger og få mer fart i utbyggingen av innfartsparkeringsplasser?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:03:28]: Eg vil vera einig med representanten Tenden i at 300 nye plassar høyrast lite ut om 20 år, gjeve den veksten som ein no forventar. I dag rår Jernbaneverket over 998, og så kjem det i tillegg kommunale og private plassar. Det er Jernbaneverket som har ansvaret for at det finst passeleg mange parkeringsplassar ved stasjonane. Dei har kartlagt alle stasjonane i Asker og Bærum, og dei har kartlagt behovet for utvida parkeringskapasitet. Jernbaneverket kan eiga plassane sjølv eller leiga frå andre, som oftast NSB sitt dotterselskap Rom Eigedom AS. Opparbeiding av plassane er gjerne eit spleiselag med kommune, fylkeskommune og Vegvesenet. Eg ser at det er grunn til å ha auka merksemd på dette feltet framover.