Stortinget - Møte onsdag den 24. oktober 2012 kl. 10

Dato: 24.10.2012

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 1

Per Roar Bredvold (FrP) [11:09:29]: Jeg ønsker å stille miljøvernministeren følgende spørsmål:

«Mange grunneiere i Vestmarken-området i Hedmark har planer om utvikling av området til bl.a. turisme og reiseliv, men Miljøverndepartementet sier nei.

Er dette i samsvar med regjeringens målsetting om at bønder/skogeiere skal få flere muligheter til å utnytte sine ressurser og eiendommer?»

Marit Nybakk hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:09:54]: Vestmarka er eit utmarksområde med særskilde naturverdiar i den sørlege delen av Hedmark og ligg innanfor kommunane Elverum, Grue, Kongsvinger, Løten, Nord-Odal, Stange, Sør-Odal, Våler og Åsnes.

Vestmarka vart føreslått som landskapsvernområde i Statens naturvernråd si utgreiing om forslag til nasjonalparkplan i 1986, men vart i St.meld. 62 for 1991–1992 gitt særleg omtale. Regjeringa føreslo ikkje å verne Vestmarka som landskapsvernområde, men at Vestmarka burde sikrast som eit stort samanhengande skogområde utan andre tekniske inngrep enn det som følgjer av skogdrifta. Det innebar at staten ikkje skulle verne området gjennom bruk av naturvernlova av 1970, men at området skulle takast vare på etter plan- og bygningslova og skoglova. Stortinget slutta seg til regjeringa sine vurderingar i handsaminga av saka.

I samband med kommuneplanprosessane i dei ni aktuelle kommunane vart det fremma ønske om å byggje fleire hytter i Vestmarka. Det er ei felles forståing av at Vestmarka er eit fellesgode, og at området må verte forvalta ut frå ei felles ramme og eit langsiktig perspektiv. Det initiativet munna ut i eit planarbeid for å utvikle sams retningsliner for bruk og vern av Vestmarka, først som interkommunal plan, seinare som regional plan, sidan kommunane ikkje klarte å verte einige om retningslinene. Hedmark fylkeskommune leidde det arbeidet, og sju av kommunane tok del i arbeidet saman med Fylkesmannen i Hedmark. Resultatet av arbeidet vart eit kompromissforslag, som innebar fokus på å vareta den ressursen som setrar og skoghusvære representerer, at det vert opna for vidare utvikling av eksisterande hytter til totalt 100 m2 utbygt areal, og at det vert opna for fortetting med totalt 65 hytter i 11 definerte hytteområde i Våler, Åsnes og Grue kommunar.

Retningslinene gjev òg høve til ei viss vidare utbygging av reiselivsanlegget på Noggarn. I tillegg skal det vere mogleg å setje opp bygningar og anlegg som understøttar eit miljøvenleg idretts- og friluftsliv. Planen med retningsliner, som eit fleirtal er samde om, syner at det er eit ønske om at Vestmarka òg for framtida skal vere eit stort og samanhengande skogområde. Det er semje om at berekraftig skogbruk basert på fleirbruksprinsipp og friluftsliv er dei viktigaste aktivitetane, men òg at det skal vere mogleg med ei vidare skånsam hyttebygging i delar av området.

Eg meiner fylkeskommunen, i samarbeid med eit fleirtal av dei aktuelle kommunane, ved å godkjenne 65 nye hytter har kome fram til ei god fordeling mellom bruk og utbygging og det å ta vare på frilufts- og naturverdiane. Det er òg i samsvar med nasjonalparkplanen. Det har ikkje vore aktuelt frå mi side å endre dei føringane som vart lagde av Stortinget i handsaminga av nasjonalparkplanen. Omgrepet «berekraftig» inneber å forvalte noko i eit langsiktig perspektiv, og departementet gav difor råd om at retningslinene burde gjelde i 40 år. Miljøverndepartementet la dette til grunn då vi hadde planen til vurdering frå Hedmark fylkeskommune, og støtta difor ikkje innvendingane frå Åsnes og Våler kommunar. Fylkestinget i Hedmark vedtok den regionale planen 18. september 2012.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:13:10]: Jeg takker statsråden for et utfyllende svar. Nå er vel ikke vi helt enige om hva en skånsom utbygging kan være. Det er klart at for de kommunene dette angår, de som ønsker å satse litt mer på turisme og reiseliv i et område hvor arbeidsplasser og inntekter er forholdsvis marginale, hadde dette for ganske mange vært en ganske god løsning. Det ville gitt inntekter til skogeierne, det ville gitt inntekter til dem som bygger hytter, og det ville også gitt ringvirkninger til bensinstasjoner, butikker etc., etc. Det er klart at dette ikke er noe nytt. I f.eks. Trysil, som vi snakker om her, er det en veldig skånsom utbygging. Vi mener at 65 hytter er altfor lite. Vi ønsker heller ikke mange hytter, men en moderat utbygging, som det står. Derfor hadde jeg ønsket at statsråden kanskje kunne ha sett litt på det med moderat utbygging – som vi ønsker – eller skånsom utbygging, slik at vi får lov til å bygge ut noe mer.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:14:15]: Eg legg vel til grunn at det her har vore gjort eit arbeid frå fylkeskommunen, Fylkesmannen og sju av dei involverte kommunane, der ein sjølve har kome fram til eit forslag som inneber det ein kallar ei skånsam, eller om du vil, moderat, utbygging. Eg synest det verkar som om det balanserer omsynet til utbygging mot omsynet til friluftsliv og naturverdiane på ein god måte, og eg vurderer det difor som eit forslag som eg ikkje vil gripe inn i. Det er også godkjent 18. september i år.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:14:54]: Jeg takker til statsråden for nok et svar.

Dette er, hvis jeg husker riktig, en sak som har pågått siden 1991 – i 21 år. Det er klart at dette er et område med forholdsvis dårlig skog. Den kaster forholdsvis lite av seg, og den vokser sakte, slik at for skogeierne i området har det vært av største viktighet at man kunne bruke skogen og disse områdene på en litt mer kommersiell måte. Egentlig er dette et flott område med mange vann, noen elver og fine turterreng, og det er ingen som ønsker å ødelegge den kvaliteten. Det er to kommuner det er snakk om – Åsnes og Våler – som sterkt ønsker å bruke dette området til næringsutvikling, og det er mest på vegne av dem jeg snakker nå. Men jeg ser også helheten i dette, nemlig at turisme og reiseliv kan være noe å satse videre på for dette området.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:15:53]: Eg meiner som sagt at heilskapen her er vareteken på ein god måte gjennom eit arbeid med til saman ni involverte kommunar og fylkeskommunen, og dersom det er rett at dette har pågått i 21 år, får vi glede oss ekstra over at det no er gjort eit endeleg vedtak i fylkestinget i Hedmark den 18. september.