Stortinget - Møte tirsdag den 5. mars 2019

Dato: 05.03.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 162 S (2018–2019))

Søk

Innhold

Sak nr. 1 [10:04:47]

Innstilling frå Stortingets presidentskap om endringar i Stortingets forretningsorden (Innst. 162 S (2018–2019))

Talere

Tredje visepresident Magne Rommetveit []: Presidentskapet legg med dette fram ei gladsak for representantane, nemleg forslaget om to endringar i Stortingets forretningsorden. Endringane vil ta bort krav om at forslag og spørsmål til regjeringa skal vera fysisk underteikna av han eller ho som legg fram forslaget eller stiller spørsmålet.

Utgangspunktet for endringane er at det kjem ei ny teknisk løysing for parti- og komitéportalane som representantane, gruppene og administrasjonen nyttar når det vert sett fram forslag, levert inn spørsmål og interpellasjonar eller sendt inn merknader til komitéinnstillingane. Dette er eit sentralt arbeidsverktøy for representantane, og det har vore etterlyst eit system med ei meir brukarvenleg løysing. Systemet må også tilpassast ein røyndom der dei fleste arbeider meir mobilt enn tidlegare.

I § 38 i forretningsordenen er det i dag fastsett at forslag ikkje kan vera underteikna av fleire enn ti representantar. Vidare går det fram av § 70 at alle spørsmål med skriftleg svar skal underteiknast av spørjaren sjølv. Det er ikkje særskilde reglar om underskrift av andre typar spørsmål, men det er lagt til grunn at forretningsordenen har underskrift som ein føresetnad også her.

Den nye løysinga vil gjera det mogleg å identifisera avsendaren av forslag og spørsmål elektronisk. Ved å ta bort kravet om underskrift vil ein leggja til rette for meir fleksible arbeidsmåtar for representantane. Dette er etter presidentskapet si meining eit tiltak som svarar på behova til representantane i kvardagen i Stortinget.

Det har vore diskutert om ein skal krevja at forslag og spørsmål må sendast inn av representantane sjølve. Presidentskapet ønskjer ikkje å leggja inn ein slik premiss i forretningsordenen. I dag kan spørsmål og forslag også verta leverte til administrasjonen av tilsette i gruppene, og reglane bør også opna for at ein framleis kan få bistand med innlevering frå partigruppene. Det er klart at retten til å stilla spørsmål eller setja fram forslag berre gjeld representantane, og denne retten kan ikkje delegerast til andre. Når det er sagt, ser eg det mest som eit praktisk spørsmål kven som tek kontakt med administrasjonen.

Når det gjeld spørsmål til presidentskapet etter § 69 i forretningsordenen, er det inntil vidare naturleg å halda fast ved føresetnaden om underskrift, ettersom slike spørsmål i praksis er forma som brev til presidentskapet.

Eg viser elles til merknadene i innstillinga og tilrådinga frå eit samla presidentskap.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.