Det er eit offentleg ansvar å gje alle eit likeverdig tilbod
av helsetenester uavhengig av diagnose, bustad eller personleg økonomi.
Politisk styring av sjukehustenestene er avgjerande for å sikre
eit fagleg trygt tilbod i heile landet. Forankring av sjukehuspolitikken
i Stortinget, tydeleggjering av regjeringa sitt ansvar og styrking
av den lokale, politiske innflytelsen er vesentleg for å skape openheit,
debatt, aksept og demokratisk forankring av dei avgjersler som blir gjort
og dei helsetenestene som blir tilbydd. Det sterkaste argumentet
for statleg eigarskap av sjukehusa var å sjå investeringar og funksjonsfordelingar
i ein heilskapleg, nasjonal samanheng.
Nye samfunnsmessige behov og krav til fagleg utvikling forsterkar
behovet for omstilling og utvikling av sjukehussektoren. Framtidig
organisering av sjukehusa må byggje på samarbeid og ei større semje om
arbeidsdeling mellom sjukehusa. Mykje av uroa i sjukehussektoren
kjem av stadige strategiplanar, sentralisering og nedlegging av
tilbod utan at dette er politisk avklara. Det har vore manglande
klare definisjonar av innhaldet i eit sjukehus. Derfor er det viktig
at sjukehusutbygging og funksjonsfordeling mellom sjukehus no skjer
etter ein overordna plan, der nasjonale myndigheiter gjev klare
retningsliner for kva oppgåver dei ulike sjukehusa skal ha.
Forslagsstillarane merkar seg at regjeringa skriv følgjande i
si politiske plattform:
«Regjeringen vil fremme en nasjonal helse- og sykehusplan
for Stortinget for å skape åpenhet og forutsigbarhet i sektoren.
Helse- og sykehusplanen skal blant annet inneholde en definisjon
av innholdet i ulike typer sykehus, struktur i spesialisthelsetjenesten, behovskartlegging,
utstyrsbehov og investeringsplaner.
Sykehusplanen må også omhandle lokalsykehus og den viktige rollen
de har for å sikre beredskap for liv og helse i hele landet.»
Vidare står det:
«Regjeringa vil stoppe nedleggelser av akutt- og fødetilbud
som ikke er begrunnet med pasientsikkerhet og kvalitet, før nasjonal
helse- og sykehusplan er behandlet.»
Forslagsstillarane ser fram til framlegging av nasjonal helse-
og sjukehusplan, og meiner at denne planen må rullerast kvart fjerde
år etter modell av Nasjonal transportplan. Når Stortinget vedtek
ein slik plan, må det vere etter ein grundig, fagleg og politisk behandling
og ein brei høyringsprosess i fylker og kommunar. Sjukehusplanen
må avklare sjukehusstruktur, geografisk plassering og gjere greie
for nasjonale, regionale og lokale funksjonar ved dei einskilde
sjukehusa. Sjukehusplanen må tydeleggjere oppgåvefordelinga mellom
dei ulike nivåa i helsetenesta. Gjennom sjukehusplanen må ein kunne
stille krav til kvalitet og rett kompetanse på alle nivå i helsetenesta.
Planen må gje ei oversikt over økonomiske verkemiddel, organisering
og investeringsbehov i sjukehussektoren. I tillegg må planen omhandle
krav til beredskap, kva basisfunksjonar alle sjukehus skal ha, og
ein overordna fagleg-politisk analyse av stordriftsfordeler/ulemper
ved investering i nye sjukehus og ved sjukehusfusjonar.
Ifølgje helseføretakslova er det i dag avgrensingar i føretaka
sin avgjerdskompetanse. Lova § 30 slår fast at det er føretaksmøtet
i regionalt helseføretak, altså statsråden, som:
«treffer vedtak i saker som antas å være av vesentlig betydning
for foretakets virksomhet eller løsningen av fastsatte målsettinger
eller oppgaver. Det same gjelder andre saker som antas å ha prinsipielle sider
av betydning, eller som antas å kunne ha vesentlige samfunnsmessige
virkninger».
Eksempel på såkalla § 30- saker kan vere endringar i fødetilbod
og akuttberedskap. Forslagsstillarane meiner at slike saker av «vesentleg
betyding» ikkje skal kunne vedtakast av helseføretaka no, men av Stortinget
i den komande nasjonale helse- og sjukehusplanen.
Diskusjonen om omlegging, nedlegging og vesentlege endringar
i sjukehusstrukturen går no i fleire helseregionar. Mange føretak
har strategiplanar på høyring, med planar for endeleg vedtak innan
relativ kort tid. Det gjeld både endringar i eksisterande sjukehusstruktur
som inkluderer vesentlege endringar i oppgåver og beredskap, og
det gjeld sjukehusfusjonar og planar for nedlegging av sjukehus
på lengre sikt som del av nyinvesteringar. Også innan psykisk helsevern
er det planlagt store omleggingar.
Forslagsstillarane meiner det er svært uheldig om slike store
struktur- og oppgåveendringar skjer samstundes som Helse- og omsorgsdepartementet
utarbeider ein styrande nasjonal helse- og sjukehusplan som ifølgje
regjeringsplattforma skal innehalde:
«en definisjon av innholdet i ulike typer sykehus, struktur
i spesialisthelsetjenesten, behovskartlegging, utstyrsbehov og investeringsplaner».
Forslagsstillarane meiner derfor at pågåande og planlagde omstillingar
av vesentleg karakter vert behandla av Stortinget i den varsla helse-
og sjukehusplanen.
Det er mange dømer på pågåande prosessar som bør behandlast i
ein nasjonal helse- og sjukehusplan:
Ved Sykehuset Telemark HF blei anbefaling
til framtidig tenestetilbod ved Sykehuset Telemark lagt fram i desember
2013. I ny utviklingsplan er det blant anna føreslege å gjere Kragerø
og Rjukan Sykehus om til såkalla dagsjukehus/lokalmedisinsk senter,
og å fjerne sengepostar for psykiatri i avdelinga i Seljord. Forslaget
til ny utviklingsplan er på høyring med frist 1. mars 2014. Den
endelege planen skal avgjerast i styremøte 26. mars 2014.
I Vestre Viken HF blei idéfaserapporten lagt fram i november
2013. Styret har tilrådd nytt storsjukehus på Brakerøya i Drammen.
Saka er sendt ut på høyring, og styret skal ta endeleg avgjerd om
tomtevalet i mars 2014. Det er store diskusjonar knytt til nytt
sjukehus, og om nedlegging av Kongsberg Sykehus.
Sykehuset Innlandet HF har vedteke ei utgreiing av to alternativ
for ny sjukehusstruktur i Hedmark og Oppland. Det eine alternativet
er å behalde dagens struktur (0-alternativet), mens det andre er
eit felles storsjukehus for fylka ved Mjøsbrua (1-alternativet).
Hos Sørlandet Sykehus HF er det – til store protestar –
kome forslag om å fjerne akutt- og fødefunksjonar ved Flekkefjord
Sykehus.
Helse Fonna har vedteke vesentlege endringar i det totale
sjukehustilbodet ved Odda sjukehus i og med at sengekapasiteten
skal reduserast med over ein tredjedel og fødetilbodet vert avvikla.
Forslagsstillarane vil presisere at dette er dømer, og ikkje
ei fullstendig oversikt. Men dette viser at det mange stader er
på gang vesentlege endringar i det statlege sjukehustilbodet. For
å sikre openheit og legitimitet må desse ikkje gjennomførast no,
men behandlast av Stortinget i den varsla helse- og sjukehusplanen.
På denne bakgrunn fremjar forslagsstillarane følgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa sørgje
for at vesentlege endringar i sjukehusstruktur og sjukehusoppgåver
– spesielt endringar i eksisterande føde- og akuttberedskap – blir
avgjort av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan.
2. Stortinget ber regjeringa sørgje for at store sjukehusinvesteringar
blir avgjort av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan.