Representantforslag om å styrke sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande

Dette dokument

  • Representantforslag 72 S (2016–2017)
  • Fra: Sveinung Rotevatn, Terje Breivik, Pål Farstad, Ketil Kjenseth og Iselin Nybø
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Sjølvstendige, det vil seie sjølvstendig næringsdrivande i enkeltmannsføretak, tilsette i deira eiga AS eller frilansar, står i dag for ei stor verdiskaping. Dei skaper ofte direkte nye arbeidsplassar og bidreg til innovasjon og større utval i heile landet. Noreg treng nye arbeidsplassar og ein økonomi som står på fleire bein. Sjølvstendig næringsdrivande svarer på begge desse utfordringane, difor er det viktig at staten legg til rette for at fleire startar eiga verksemd.

Sjølvstendig næringsdrivande utgjer i dag 14 prosent av dei sysselsette i Noreg. Ein veit at ei av hovudutfordringane er manglande sosiale rettar. Dette er eit særs viktig tema for kvinners motivasjon til å starte for seg sjølv. Kvinner utgjer berre 30 prosent av gruppa. For å stimulere til ein auke i talet på kvinnelege gründerar er det difor viktig å styrkje dei sosiale rettane for sjølvstendig næringsdrivande. Både pensjonssparing, tilgang til sjukepengar og dagpengar er område der sjølvstendig næringsdrivande har dårlegare vilkår enn vanlege tilsette. Forslagsstillarane ønskjer difor å endre vilkåra på desse tre områda for å gjere det tryggare å starte eige føretak.

Pensjonssparing

Taket for pensjonssparing for vanlege tilsette er 7 prosent for dei med løn opp til 12G. Det er i tillegg mogeleg med eit tilleggsinnskot på 18,1 prosent av løn mellom 7G og 12G (til saman 25,1 prosent). For sjølvstendig næringsdrivande, enkeltmannsføretak/tilsett i eiga AS og frilansar er innskotsgrensa berre 4 prosent og gjeld for inntekter mellom 1G og 12G.

Denne forskjellsbehandlinga gjer det vanskelegare for personar å ta valet om å starte eige føretak. I ei undersøking utført av fagforbundet Akademikerne (2016) kjem det fram at manglande tryggleik i samband med sjukdom og økonomi er dei to største utfordringane for gründerar i dag.

Difor må ein styrkje dei sosiale rettane til sjølvstendige. Ein veit at behovet for tryggleik er større hos kvinnelege gründerar, som i dag berre utgjer 30 prosent av sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Skal ein utnytte entreprenørpotensialet, må ein òg auke talet på kvinner blant sjølvstendig næringsdrivande.

Dagens pensjonsordning gjer at fleire sjølvstendige går ein usikker alderdom i møte. Den sosiale kostnaden ved det er betydeleg, men endå større er den samfunnsøkonomiske kostnaden ved å gjere det mindre attraktivt å starte eiga verksemd enn å behalde ei stilling som vanleg tilsett.

Sjukepengar

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansare næringsdrivande får i dag inga sjukeløn dei første 16 dagane ved sjukdom, og berre 65 prosent sjukeløn etter desse dagane. Dette står i kontrast til at vanlege tilsette har rett til full sjukeløn frå første dag. Denne ulikebehandlinga er eit stort hinder for å få fleire til å ta steget frå å vere vanleg arbeidstakar til å starte eiga verksemd. Sjølvstendig næringsdrivande betalar under dagens system meir i trygdeavgift enn vanlege tilsette, i tillegg til meir i skatt på ordinær inntekt som følgje av at dei ikkje har rett til minstefrådrag. Sjølvstendig næringsdrivande får med andre ord mindre ut, samstundes som dei betalar meir inn. Dagens system premierer vanlege tilsette. Samstundes forlangar samfunnet at sjølvstendig næringsdrivande, som sjølve er med på å skape arbeidsplassar, bidreg til at andre får sjukepengar frå første sjukedag. Likestillinga av sjølvstendig næringsdrivande med vanlege tilsette er nødvendig for å endre denne haldninga.

Manglande rettar ved sjukdom er òg ei stor praktisk utfordring for sjølvstendig næringsdrivande. I ei undersøking Akademikerne har gjort blant gründermedlemene sine, kjem det fram at manglande rettar knytte til sjukdom er den største utfordringa blant 53 prosent av dei mannlege og 71 prosent av dei kvinnelege respondentane. I dag står menn for 2/3 av nye enkeltmannsføretak og 4/5 av nye aksjeselskap. I eit likestillingsperspektiv er det difor på tide å styrke retten til sjukepengar, noko som vil vere eit effektivt tiltak for å gjere det meir attraktivt for kvinner å starte sitt eige føretak.

Dagpengar

I 2016 vart fleirtalet på Stortinget samde om å gje sjølvstendig næringsdrivande retten til å behalde opptente rettar i opptil eit år i etableringsfasen etter overgangen frå lønsarbeid til eiga verksemd. Dette var ei viktig endring i stønadsperioden frå 9 til 12 månader, noko som har gjort det tryggare for vanlege arbeidstakarar å starte eiga verksemd. Diverre er det enno eit stort spenn mellom det å starte eige føretak og det å skape ei stabil inntekt. Sjølvstendig næringsdrivande treng ein lengre overgangsperiode for å ta steget ut i eiga verksemd. Det vil vere viktig spesielt for dei som elles ikkje hadde vågd å ta skrittet ut i gründerrolla.

I oktober 2016 fekk om lag 340 personar dagpengar under etablering. I perioden juli til og med oktober 2016 auka talet med nær 100 prosent samanlikna med same periode året før. Auken var på 35 prosent i første halvår 2016 samanlikna med første halvår i 2015. Auken kan ha samanheng med at fleire med dagpengar har etablert si eiga verksemd. Dei positive effektane av utvidinga frå 9 til 12 månader tyder på at ei vidare utviding vil kunne føre til at fleire vil starte eiga verksemd.

Forslag

På denne bakgrunnen set forslagsstillarane fram følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å likestille vilkåra for pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande/enkeltpersonføretak og frilansar med innskotsgrensene som gjeld for vanlege arbeidstakarar.

  2. Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å styrkje sjukelønsordninga for sjølvstendig næringsdrivande.

  3. Stortinget ber regjeringa greie ut effektane av å forlengje ordninga som lar sjølvstendig næringsdrivande behalde retten til dagpengar, frå eitt til tre år ved overgangen frå lønsarbeid til eiga verksemd.

23. mars 2017

Sveinung Rotevatn

Terje Breivik

Pål Farstad

Ketil Kjenseth

Iselin Nybø