Representantforslag om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset

Dette dokument

  • Representantforslag 20 S (2021–2022)
  • Fra: Sylvi Listhaug og Frank Edvard Sve
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Dei fleste har nok sett filmen «Bølgen», som omhandlar eit mogleg fjellskred frå området Åkneset i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tidlegare kartlagt område i Noreg med fare for store fjellskred, og kategorisert dei ulike fjellskredområda. Åkneset er eit av fleire høgrisiko fjellskredområde her i landet der det vil få katastrofale følger når eit ras ein gong går ut i Storfjorden.

Kommunane i Storfjordområdet har ilag med NVE bygd opp eit av dei beste systema for overvaking og beredskap i verda, med varsling av befolkninga og beredskapssenteret til NVE på Stranda, som har overvaking av fjellskredområdet døgnet rundt. Det har sidan 2003 blitt etablert omfattande måleinstrument i Åkneset, som viser store bevegelsar i eit fjellparti på om lag 54 mill. kubikkmeter. Utstyret som er etablert, er av det beste i verda, og fleire hundre mill. kroner er så langt brukt til det som sannsynlegvis er av dei best overvaka fjellpartia i verda.

Det er etablert omfattande varsling av befolkninga med områdevarsling via UMS på mobil og telefon, samt tyfonar som er utplasserte i heile Storfjordområdet. Systemet blir brukt til øvingar kvart år og er per i dag av dei beste i Noreg. Det er og etablert eiga forskrift i TEK 17 som fastslår at folk kan bu og leve i område der tryggleiken er tilfredsstillande med varslingstid på 72 timar til innbyggjarane.

Enorme verdiar vil gå tapt når Åkneset rasar ut. Det er ikkje snakk om «om raset går», men når.

Eit stort fjellskred på ca. 54 mill. kubikkmeter er lagt inn som ei av dei potensielt mest alvorlege katastrofehendingane i Noreg i den årlege rapporten Analyse av krisescenarioer. I rapporten er eit stort fjellskred frå Åkneset grundig evaluert, der konsekvensane av eit ras er svært store. Fjellpartiet Åkneset er styrt av mange ulike mekanismar i fjellet, der vassnivået og vasstrykket er ein betydeleg drivar for rørslene i fjellpartiet. Kvar haust og vår med store nedbørsmengder aukar rørslene i fjellskredområdet betydeleg.

Det er blant anna i Canada gjennomført forsøk med drenering av vassystema i liknande fjellskredområde, der ein har fått bremsa bevegelsane og utviklinga i skredområda, noko som er av svært stor samfunns- og beredskapsmessig betydning. NVE held no på med kartlegging og undersøkingar av moglegheita for drenering av Åkneset, og informasjonen kring dette frå NVE er svært lovande. Kostnadane ved ei slik drenering er antyda å kunne bli fleire hundre mill. kroner, men sett opp imot dei samfunnsmessige øydeleggingane eit ras frå Åkneset vil gjere, blir dette som «blåbær» å rekne.

I Analyse av krisescenarioer er det anslag på mange titals mrd. kroner i øydeleggingar etter eit stort fjellskred frå Åkneset, samt at meir enn 3 000 innbyggjarar vil bli heimlause. Det er derfor av svært stor samfunnsnytte at NVE blir gjort i stand til å kunne gjennomføre drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, og at regjeringa kjem attende til Stortinget med sak og plan for dette, samt for nødvendig framdrift og finansiering. Avbøtande tiltak for å redusere skadeomfang, men også senke risikoen for tap av menneskeliv, må vere ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa og Stortinget.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa kome attende med ein plan for drenering av høgrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.

  2. Stortinget viser til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset.

  3. Stortinget ber regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.

27. oktober 2021

Sylvi Listhaug

Frank Edvard Sve