Representantforslag om full revisjon av Røldal-Suldal kraftanlegg

Dette dokument

  • Representantforslag 260 S (2021–2022)
  • Fra: Sofie Marhaug
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

I 1962 vedtok Stortinget utbygging av Røldal-Suldal kraftanlegg for å sikre nok kraft til industriutvikling på Vestlandet. Stortingsvedtaket bygde på at konsesjonstida berre gjaldt i 60 år, fram til utgangen av 2022. Då skulle heile anlegget falle tilbake til staten, og vertskommunane skulle få inntil éin tredjedel av kraftverdien, jamfør heimfallslova frå 1909.

Som kjent blei denne delen av heimfallsinstituttet underkjend i ein dom frå EFTAS overvakingsorgan (ESA). Diverre valde dei raud-grøne regjeringspartia og resten av Stortinget å tilpasse lovverket til denne dommen i 2008, i staden for å stå opp for det offentlege eigarskapet og tidlegare konsesjonsvilkår som hadde vore lovfesta i nesten hundre år.

No står innbyggarane og grunneigarane i vertskommunane Ullensvang (som Røldal er ein del av) og Suldal igjen med lite anna enn omfattande øydelagd natur, med tørrlegging av elver, neddemming av stølsdalen Valldalen, øydelagde transportvegar og ingen regulering av minstevassføring og vassnivået i magasina.

Med utholing av heimfallet blei det mogleg for Hydro og Lyse å gjennomføre ein fusjon i 2020 med ein ny, evigvarande konsesjon, heilt i strid med konsesjonsvilkåra for den store kraftutbygginga i Røldal-Suldal som Stortinget vedtok i 1962.

Ordførarane i vertskommunane Ullensvang og Suldal har karakterisert dette som eit ran, der vertskommunane vil tape framtidige inntekter på fleire hundre millionar kroner årleg til evig tid. Kommunane og grunneigarane risikerer no å sitje att med lite eller ingenting om ikkje styresmaktene syter for rettvise kompenasjonsordningar og dei aller strengaste krava til miljørevisjon av heile anlegget.

Stortinget handsama saka i 2021, jf. Dokument 8:82 S (2020–2021) og Innst. 222 S (2020–2021). Fleirtalet vedtok følgjande:

«I

Stortinget ber regjeringa om at vilkårsrevisjon av Røldal-Suldal-anlegga blir prioritert etter at konsesjon til desse anlegga er omgjord til ein konsesjon på uavgrensa tid.

II

Stortinget ber regjeringa sjå til at konsesjonsstyresmaktene vurderer om det på fagleg grunnlag er spesielle forhold som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår basert på eksisterande praksis og retningslinjer.»

Strengare forslag frå fleire parti blei røysta ned i Stortinget i februar 2021. Forslagsstillaren syner til at det no er eit nytt fleirtal på Stortinget, og at delar av dette nye fleirtalet ville gå lenger i å stanse ranet av innbyggarane i Ullensvang og Suldal under handsaminga i Stortinget i februar 2021.

No er miljørevisjonane av anlegget i gong. Kommunestyret i Ullensvang har stilt ei rekke krav til regjeringa og Stortinget for å sikre at intensjonen i vedtaket frå 1962 blir gjennomført, og at strenge, moderne natur- og miljøkrav blir tatt omsyn til.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når Røldal-Suldal-konsesjonane blir reviderte.

  2. Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal-Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.

  3. Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.

  4. Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane og grunneigarane for Røldal-Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.

2. juni 2022

Sofie Marhaug