Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2939 (2023-2024)
Innlevert: 29.09.2024
Sendt: 30.09.2024
Besvart: 07.10.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Dersom Brannsjansen og andre lignende aktører ikke lenger vil kunne søke på tilskudd til sårt etterspurt arbeidstrening, finnes det en annen ordning å søke på, og dersom ikke, vil ministeren ta grep for å sikre at slike viktige tilbud til ungdom ikke forsvinner?

Begrunnelse

Fakta om Brannsjansen:
Brannsjansen er et arbeidstreningsprogram for unge voksne i alderen 18-30 år, der målet er fast arbeid eller skole. Samarbeidet mellom Brann, Bergen kommune og NAV startet i 2011, og siden oppstarten har godt over 200 unge voksne vært innom( 2022)
Hvert år gir Brannsjansen arbeidstrening til unge mennesker i Bergen. Dette har gitt mange gode eksempler at et slikt tilbud kan bety en stor forskjell i unge mennesker liv og hverdag. For mange har dette vært et viktig skritt inn mot fast arbeid og mestring i eget liv
Det finnes lignende tiltak rundt om i andre fotballklubber.
Det er derfor svært overraskende at gode tiltak som dette i en tid hvor stadig flere unge mennesker står utenfor arbeidslivet står i fare for å miste viktig finansiering.
Bufdir har etter hva undertegnede oppfatter, sendt et signal om at Brannsjansen og andre lignende tiltak ikke kan forvente støtte til arbeidstiltak i fremtiden.
I et brev fra Bufdir står bl.a. følgende:

"Fritid er i ordningen regnet som tiden der barn og unge ikke oppholder seg i barnehage eller skole: det vil si ettermiddag og kveld, helger og ferier. Bufdir vurderer videre at omfattende arbeidstrening, slik det skisseres i deres prosjekt, er utenfor rammene av denne tilskuddsordningen.
Dere er velkomne til å søke på ordningen Tilskudd til inkludering av barn og unge når den lyses ut på nytt for 2025-2027, men vi vil presisere at vi kun vil kunne gi tilskudd til aktivitet i ungdommens fritid. Det er et stort behov for tiltak for unge som av ulike grunner ikke er på skole eller i jobb på dagtid, men slike tiltak faller dessverre utenfor denne ordningen."

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg forstår det som at representanten i spørsmålet siktar til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge. Ordninga har som mål å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunner står i fare for å hamne i utanforskap. På denne måten skal ordninga dempe konsekvensar ved fattigdom for utsette barn og unge, men òg bidra til å førebyggje framtidig utanforskap. Regjeringa har auka tilskotsordninga betydeleg over tid, frå 554,5 mill. kroner i 2022 til 758 mill. kroner i 2024.
Gjennom tilskotsordninga kan offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar søkje om tilskot til fleire ulike aktivitetstypar. Ein av desse er jobbtilbod og rettleiing. Innanfor denne aktivitetstypen kan ein få tilskot til tilbod om deltidsjobb, sommarjobb, jobbforberedande aktivitet, eller anna for form rettleiing og kurs. Eit av kriteria for tilskot er at aktiviteten skal vere på fritida. Det vil seie tida der barn og unge ikkje oppheld seg i barnehage eller skule. Årsaka til dette er at ordninga skal leggje til rette for at målgruppa skal fullføre skulegangen. Tiltaka som kan få tilskot gjennom ordninga skal derfor vere eit supplement til skulen. Eg meiner dette er ei rimeleg avgrensing.
Eg har bede Bufdir om innspel til i kva for omfang Brannsjansen og andre liknande aktørar fram til no har kunne fått tilskot gjennom tilskotsordninga til arbeidstrening utanfor målgruppa si fritid. Bufdir har informert om at Brannsjansen og Stiftelsen Vålerenga Fotball Samfunn ved ein inkurie blei innvilga tilskot for høvesvis 2022-2024 og 2023-2025. Direktoratet oppdaga seinare at prosjekta inneheldt arbeidstrening på dagtid. Søkjarane blei då informert av Bufdir om at omfattande arbeidstrening utanfor målgruppa si fritid er utanfor ramma av denne tilskotsordninga. Tilbakemeldinga frå Bufdir påverkar ikkje dei pågåande prosjekta, men blei gitt slik at tilskotsmottakarane kan ta omsyn til dette i eventuelle framtidige søknader, til dømes gjennom å leggje opp til at arbeidstreninga blir gjennomført i barn og unge si fritid.
Vidare kan eg informere om at Arbeids- og velferdsetaten forvaltar fleire arbeidsmarknadstiltak som kan nyttast for å styrkje ungdomar sine mogelegheiter i arbeidsmarknaden. Arbeidstrening er eit av desse tiltaka. Eg vil òg vise til at regjeringa i den nyleg framlagde stortingsmeldinga «En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd» understrekar eit stort behov for å inkludere fleire i arbeidslivet, særleg unge, og at regjeringa vil styrkje og vidareutvikle innsatsen overfor denne gruppa. Regjeringa fekk på plass ein ungdomsgaranti i fjor, med mål om å hjelpe fleire unge mellom 16 og 30 år som treng det til å fullføre utdanning og kome i arbeid. Garantien skal gi unge tidleg, tett og tilpassa oppfølging frå ein fast rettleiar i NAV så lenge det er naudsynt. I meldinga varslar vi ytterlegere satsing på dei unge ved å føreslå å prøve ut eit heilt nytt arbeidsretta ungdomsprogram, meir og betre bruk av opplæring og lønstilskot, og fleire og betre lågterskeltilbod for unge.