Skriftlig spørsmål fra Roy Steffensen (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:113 (2024-2025)
Innlevert: 14.10.2024
Sendt: 15.10.2024
Besvart: 22.10.2024 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Roy Steffensen (FrP)

Spørsmål

Roy Steffensen (FrP): Hva er status på erstatningsoppgjøret for pelsdyrbøndene?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Direktoratet har per 15. oktober i år handsama 386 ulike saker. Det er gjeve 222 førebelse tilbod, 126 endelege tilbod og 38 avslag på krav om erstatning. Det vil seie at dei aller fleste av pelsdyroppdrettarane har fått forskot basert på førebels tilbod, og at ein del har fått både førebels og endeleg tilbod.
Til saman er det gjennom kompensasjons- og erstatningsordningane for pelsdyroppdrettarar utbetala om lag 1,7 milliardar kroner.
Landbruksdirektoratet har på sine heimesider ei eiga side for spørsmål og svar om erstatning til pelsdyroppdrettarar med meir informasjon om handsaminga av sakene. Adressa til denne sida er:
https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/sporsmal-og-svar-om-erstatning-til-pelsdyroppdrettere
Eg viser til utdjupande informasjon i mitt svar på spørsmål nr. 2787 frå Bengt Rune Strifelt. Eg meiner det er avgjerande viktig for bøndene at det økonomiske oppgjeret, etter forbodet mot hald av pelsdyr, no blir betydeleg betre enn det Solberg-regjeringa la opp til.