Skriftlig spørsmål fra Syver Berge (Sp) til landbruksministeren

Dokument nr. 15:132 (1996-97)
Innlevert: 23.05.1997
Sendt: 23.05.1997
Besvart: 30.05.1997 av landbruksminister Dag Terje Andersen

Syver Berge (Sp)

Spørsmål

Syver Berge (Sp): "Vert regelverket for tildeling av produksjonskvote for firkantet praktisert, når to sjølvstendige bønder gifter seg med kvarandre? Bør ikkje Inger Lise Krog og Ivar Skogstad få kvar si produksjonskvote?"

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet knyter seg i dette høve til Inger Lise Krog og Ivar Skogstad, Marker i Østfold.
Eigar av Degnes gård, Inger Lise Krog, har sidan 1985 drevet garden sjølv med eigen maskinpark. Eigedomen er på 120 da dyrka mark og 700 da skog. Produksjonen er korn, skog og husdyrproduksjon med kalkun (3000 per år).
Eigar av Skogstad gård, Ivar Skogstad, eigar av garden sidan 1996. Eigedomen er på 200 da dyrka mark og 650 da produktiv skog. Produksjon er korn, skog og griseproduksjon.
Etter giftarmålet vert desse gardane etter regelverket §3 i forskrift om produksjonstillegg sett på som ein driftseining. Resultatet vert at Ivar fekk utbetalt produksjonstillegget, da Inger Lise ikkje lengre hadde høve til å søkje.
Dette er, i dette høve, kvinnediskriminering, herr statsråd. Det kan ikkje høyre vår tid til? Det er ei diskriminering av odelsjenter som eg vonar statsråden vil vera med å rette på.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Departementet finn det uklart kva Berge meiner med "produksjonskvote" i sitt spørsmål. Slik departementet ser det har dette nærast samanheng med Krog/ Skogstad sin søknad om konsesjon etter husdyrkonsesjonslova. Spørsmålet blir difor besvart ut frå ei slik forståing.

Husdyrkonsesjon:

Det følgjer av lov om regulering av ervervsmessig husdyrhald at ingen kan etablere eller utvide anlegg og/eller produksjon utover grense for konsesjonsfri drift utan løyve frå departementet. Formålet med lova er å regulere bruksstrukturen i landet. Ein ønskjer å fordele produksjonen innan dei kraftforkrevjande næringane på fleire mindre einingar. Dette for å unngå "industriprega" produksjonar. Lova tar derimot ikkje sikte på å regulere det totale produksjonsnivået i landet.

Grensa for konsesjonsfri drift er 1 400 slaktegriseiningar. Inger-Lise Krog og Ivar Skogstad har i dag konsesjon for ein produksjon med 1 850 slaktegriseiningar pr. år. Produksjonen går føre seg delvis på eigedomen til Ivar Skogstad og delvis på eigedomen til Inger-Lise Krog. Der er såleis alt gitt løyve til konsesjonsregulert produksjon på begge av ektefellane sine eigedomar. Ektefellene har no saman kjøpt endå ein eigedom i same kommune. Dei har søkt om ytterlegare konsesjon for å produsere ca 80 000 slaktekylling på denne eigedomen. Slik regelverket framstår i dag kan ein ikkje sjå at det er grunnlag for å gje ein høgare konsesjon enn den ektefellane alt har. Det er ikkje i samsvar med formålet for regelverket at produsentar kjøper opp eigedomar for på dette viset å auke sin produksjonskapasitet.

Produksjonstillegg i jordbruket:

Departementet forstår det vidare som om Berge reiser spørsmål om forståinga av forskrift om produksjonstillegg i jordbruket §3.

Det framgår her i §3, 6. stykket: "Det gis produksjonstillegg bare til en bruker på en landbrukseiendom." Det følgjer vidare: "To eller flere landbrukseiendommer som drives av forskjellige eiere eller leiere som bor på samme landbrukseiendom, regnes som en driftsenhet selv om brukerne seg i mellom har annen avtale eller lignes hver for seg. Dette gjelder også for ektefeller/samboende og deltakere i samme ansvarlige selskap."

Bakgrunnen for desse reglane er å hindre at ein produsent utnyttar den "strukturdifferensieringa" som ligg i tilskottsatsane. I slike saker blir eigedomane sett på som ei driftseining, og ein skal såleis ikkje kunne motta to tilskott for denne eine driftseininga.

Ei slik grense vil i utgangspunktet gjelde alle gardbrukarar som driv to eigedomar og er busete på den eine. Det er ikkje avgjerande om brukarane er ektefellar, sambuarar eller har annan tilknytning. Gardbrukarene må sjølve avgjere om mannen, kona eller eventuelt begge saman skal søkje om produksjonstillegg.

Ein kan såleis ikkje sjå at ordninga er til meir ulempe for kvinnelege enn mannlege brukarar.