Petter Løvik (H): Natur og ungdom avd. Volda har fått løyve til å selje vafler og kakao frå den faste «tombolaplassen» i Volda - Cubushjørnet. Løyvet er gitt «på vilkår av at tilbereding av vaffelrøre og koking av kakao blir utført på eit kjøken som er godkjent av næringsmiddeltilsynet.
Meiner sosialministeren at dette er ei rett tolking av lova, og kva vil konsekvensane vere for frivillig lagsverksemd dersom denne tolkinga vert lagt til grunn?
Begrunnelse
Tusenvis av lag og organisasjonar har sal av heimelaga kaker, vafler, kaffi, kakao m.m. som ein viktig del av inntektsverksemda. Dette er samtidig eit betydeleg trivselstiltak i mange samfunn. Med visning til § 13 i Generell forskrift for produksjon og frambud m.v. av næringsmidler har Næringsmiddeltilsynet for Søre Sunnmøre gitt løyve med dei atterhald som er nemnde ovanfor og som er utheva med feit skrift av næringsmiddeltilsynet. Eg vil finne det hårreisande byråkratisk dersom alle foreldre må leige seg plass i «kjøken som er godkjende av næringsmiddeltilsynet» når det skal lagast ei kake eller kokast ein kaffikopp til eit lokalt arrangement.