Skriftlig spørsmål fra Marit Arnstad (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:91 (1996-97)
Innlevert: 27.02.1997
Sendt: 28.02.1997
Besvart: 06.03.1997 av olje- og energiminister Ranveig Frøiland

Marit Arnstad (Sp)

Spørsmål

Marit Arnstad (Sp): "Kan statsråden bekrefte at Olje- og energidepartementet har gitt NVE retningslinjer om at det ikke lenger skal fordeles ressurser til forebygging ifht. flom og erosjon langs sjøen, men kun til innlandsvassdrag? Kan statsråden i så fall tenke seg å endre denne praksisen?"
Begrunnelse:
Stortinget bevilger midler til sikring av arealer som er utsatt for flom og erosjon fra vassdrag og sjø over Olje- og energidepartementets budsjett. Norges vassdrags- og energiverk (NVE) har ansvaret for å prioritere og iverksette slike tiltak. Etter fjorårets flom på Østlandet har arbeidet med flomsikring langs vassdragene fått en høyere prioritering. Denne endrede prioriteringen av ressurser innebærer at NVE nå avslår å bidra til nødvendige forbygningsarbeider av arealer som trues av utvasking fra sjøen, fordi disse områdene ikke er del av "vassdrag". Med andre ord syntes hele Norges kystlinje å være uprioritert når det gjelder sikring mot erosjon. En slik politikk skaper problemer, blant annet for Leksvik kommune i Nord-Trøndelag.

Begrunnelse

Ranveig Frøiland (A)

Svar

Ranveig Frøiland: Den statlege støtta til forbyggingstiltak har etter Stortingets intensjon alltid vore retta berre mot vassdrag.

Norges vassdrags- og energiverk (NVE) har tidlegare gitt støtte til nokre få søknader om støtte til forbygging mot sjø. Dette har i all hovudsak vore i tilfelle der erosjonstilhøva i elvemunning og tilgrensande område har blitt påverka av vassdrag. I tilfelle der det dreier seg om rein forbygging mot sjø utan nokon tilknyting til vassdrag blir det ikkje gjeve støtte.

Kystsonen vert forvalta av kommunane og Kystverket/Kystdirektoratet. Kystverket har ansvar for statlege hamneområde. I strandsona utafor slike hamneområde, har Kystverket eit ansvar for gjennomføring av sikringstiltak berre i tilfelle kor utbygginga av eit statleg hamneområde har forandra bølgepågang og straumforhold på ein slik måte at dette har medført auka erosjonsskader. For øvrig er kommunane aleine om ansvaret for landområde som grensar mot sjø.

Situasjonen i dag er difor at ingen statsetat har ansvar for fysiske sikringstiltak i landområde mot sjø, utan når det gjeld strandområde der erosjonsforhalda blir påverka av ein statleg hamneutbyggjing eller av vassdrag. Statens naturskadefond har til oppgave å fremme og yte tilskott til sikringstiltak mot naturskade, mellom anna mot stormflo og skred/ras etter naturskadelova. Etter det eg har blitt orientert om frå Statens naturskadefond, har sikringstiltak i medhald av naturskadelova sjeldan vore nytta i kystsona. Nyleg har det blitt gitt eit tilskot på 1 mill. kroner til sikring mot kvikkleireskred i strandsona i Talvik i Alta kommune.

Flomtiltaksutvalet har i si utgreiing (NOU 1996: 16 om tiltak mot flom s. 59) gjeve uttrykk for at gjennomføring av sikringstiltak etter naturskadelova er viktig for å førebyggje skade, men at ordninga ikkje vert brukt på ein særleg aktiv måte. På denne bakgrunn har allereie Landbruksdepartementet teke initiativ til å opprette ei arbeidsgruppe, der ansvars- og oppgåvefordeling i samband med gjennomføring av sikringstiltak etter naturskadelova vil bli gjennomgått.

Etter mi meining er det lite tilfredsstillande at staten sitt ansvar for sikringstiltak i kystsonen ikkje er klart plassert. Mitt departement har derfor teke initiativ til at denne arbeidsgruppa skal avklare kven som skal ha ansvaret for tiltak mot skader i kystsonen.

NVE har gjennom arbeidet med sikringstiltak i innlandsvassdrag opparbeida erfaring og kompetanse som kan nyttast direkte og ved sikringstiltak i kystsona. Etter mi vurdering vil det vere naturleg å avvente resultata frå Landbruksdepartementet si arbeidsgruppe, før det eventuelt vert teke initiativ til ei utviding av NVE sitt ansvar til og å gjelde sikringstiltak i kystsona.