Skriftlig spørsmål fra Kristin Halvorsen (SV) til statsministeren

Dokument nr. 15:129 (1996-97)
Innlevert: 21.05.1997
Sendt: 21.05.1997
Rette vedkommende: Olje- og energiministeren
Besvart: 27.05.1997 av olje- og energiminister Ranveig Frøiland

Kristin Halvorsen (SV)

Spørsmål

Kristin Halvorsen (SV): "Under gasskraftdebatten i Stortinget 12. mai 1997 ble det fra Regjeringens side uttalt at det foreligger avtaler med de nordiske landene for salg av 80 pst. av kraften som skal produseres ved de planlagte gasskraftverkene på Vestlandet. Aftenposten har prøvd å få departementene til å bekrefte disse avtalene, uten å lykkes.
Hvorfor får ikke Aftenposten bekreftet hvilke avtaler som er inngått, og vil statsministeren sørge for at offentligheten får oversikt over disse avtalene?"

Begrunnelse

Ranveig Frøiland (A)

Svar

Ranveig Frøiland: Når eg i debatten 12 januar sa at 80 prosent av krafta frå gasskraftverka var selt til nordiske kraftkjøparar, er dette eit tal som vart nevnt for meg frå Naturkraft si side for ei tid tilbake som ein illustrasjon på kor langt arbeidet med gasskraftprosjektet var kome. Men dette er eit tal som kan endra seg etter kvart som kontakt med nye kjøparar gjev kontrakter med betre lønsemd for selskapet. I departementet og NVE si handsaming av denne saka har det vore viktig kva verknad desse kraftverka vil ha på miljøutsleppa i Norden. Dette er eit spørsmål ein ikkje kan gje eit eintydig og eksakt svar på. Det avgjerande for departementet har vore å godtgjerde at krafta i tilstrekkeleg mon vil komme i staden for kolkraft eller annan bruk av fossil energi i Norden.
I denne samanhangen vil ikkje ei saumfaring av kontraktene gje eit fullgodt svar. Kontraktane som kraftselskapet har med einskilde kraftkjøparar, verkar ikkje inn på den daglege drifta av gasskraftverket. Dette er ein viktig eigenskap til den nordiske kraftmarknaden og gjer at gasskraftverka har dei miljøeigenskapene som analysane syner.
Gasskraftverka vil konkurrere med annan kraftproduksjon i Norden. Slik gasskraftverka kjøper gassen, vil dei og ha lågare driftskostnader enn eit kolkraftverk. Kolkraft og annan varmekraft har dei høgste driftskostnadene blant kraftverka i Norden. Om bruken eller produksjonen av kraft i Norden endrar seg, er det kolkraftverka som fyrst vil merka dette.
Den auka produksjonen i dei danske kraftverka i vinter er eit godt døme på dette.
Det er eit godt prinsipp at kommersielle avtalar skal få vere ei sak for dei som driv forretning. Det kan til dømes gjere det vanskeleg for Naturkraft om desse kontraktene vert offentlege når dei skal forhandla vidare med nye kjøparar. Eg vil difor ikkje krevje at kraftkontaktane vert offentlige.