Skriftlig spørsmål fra Sigvald Oppebøen Hansen (A) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:77 (1999-2000)
Innlevert: 30.11.1999
Sendt: 01.12.1999
Besvart: 08.12.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Sigvald Oppebøen Hansen (A)

Spørsmål

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Tilgang på scenekunst som teater, opera og dans er ein del av læreplanen for L 97 og R 94. Riksteateret har nå signalisert at dei må redusere sine spelestadar med det som resultat at Unge Riks blir nedlagt og skuleteaterordninga blir avvikla. Korleis vil statsråden sikre at elevar i grunnskule og vidaregåande skule får oppfylt læreplanen sin intensjon på dette området?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Kulturmedvit er ein del av allmenndanninga. I den generelle delen av læreplanverka blir læring knytt til mellom anna kreativitet, kritisk sans og skjønn. Det blir understreka at elevane må utvikle glede ved det vakre både i møte med kunstneriske uttrykk og ved å utforske og utfalde eigne skapande evner. Dette gjeld like mykje deira aktive rolle i den skapande prosessen, som krav til møtet mellom profesjonell kunst og elev, eit møte som kan skje både på og utanfor profesjonelle arenaer.

I Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen, jf. læreplanverka, legg ein vekt på den estetiske dimensjon, det vil seie at ein legg vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk, og har ei medviten holdning til kunst og estetikk. Det skal leggjast til rette for at elevane kan medverke i aktivitetar og uttrykksformer som til dømes skulekor, konsertar og teatergrupper. Lokalsamfunnet må nyttast på ein aktiv måte i opplæringa.

Korleis dette kan gjerast, er opp til den enkelte skulen. Det vil vere avhengig av lokale forhold. Skulane må sjølv vurdere korleis dei kan leggje til rette for kunst og kulturopplevingar både når elevane sjølve er aktive, når kunstnarar vitjar skulen og når skulen oppsøkjer ein kunst- og kulturinstitusjon. Læreplanen stiller ikkje krav om besøk på profesjonelt teater.

Læreplanane i både musikk og dans i vidaregåande opplæring er utforma slik at dei ikkje krev at elevane skal vitje eit profesjonelt teater eller ei scene. Når det gjeld drama, heiter det rett nok i innleiinga til læreplanen i studieretningsfaga i vidaregåande kurs I og II drama: "Gjennom egne forestillinger, oppsøkende virksomhet med egne drama- og teaterforløp og besøk til profesjonelle teatre knyttes opplæringen nært til elevenes egen hverdag, til lokalsamfunnet og til verden utenfor og menneskenes situasjon på jorden i forgangne tider." Det det her er snakk om, er eit ledd i den kulturrelaterte allmenndannande verksemda i faget, ikkje eit krav for å oppfylle måla i læreplanen.

I Teaterkunnskap II i same læreplanen står det i eitt av hovudmomenta: "Elevene skal kunne sammenligne egenproduserte rapporter fra teaterbesøk med teaterkritikker i presse og media". Dette fordrar heller ikkje at elevane har besøkt ei profesjonell teaterforestilling, men kan for eksempel varetakast gjennom besøk på amatørteater. Tilgangen på scenekunst som teater, opera og dans blir vareteken også gjennom dei eigne elevproduksjonane og elevoppsetningane. I tillegg vil tilgangen på profesjonell scenekunst kunne bli vareteken gjennom andre fora enn Riksteatret og skuleteaterordninga.

Berre fem fylke har hatt Unge Riks-tilbod. Kulturdepartementet kan vanskeleg forsvare å avgrense Unge Riks-verksemda til fem fylke på permanent basis. Det vil ikkje vere mogleg å byggje ut Unge Riks-tilbodet til alle fylke utan å leggje band på eit for stort beløp. I lys av dei mange behova på kulturområdet generelt har Kulturdepartementet ikkje funne det rett å prioritere ei så vidt kostnadskrevjande utbygging.

Forslaget om at Riksteatret skal føre vidare og utvikle satsinga på teater for unge i Riksteatret innanfor ramma av ein samla repertoar- og formidlingspolitikk, inneber at tilbodet til denne gruppa vil bli styrkt i heile landet.