Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:83 (1999-2000)
Innlevert: 03.12.1999
Sendt: 03.12.1999
Besvart: 10.12.1999 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Jon Lilletun

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Oppslag i media viser til at studentar med lang utdanning har gått glipp av bortimot 200 millionar kroner fordi Lånekassa ikkje opplyser godt nok om at ein del studielån kan nedskrivast etter endt utdanning. Korleis ser statsråden på dette, og kva tiltak vil han evt. sette i verk for å forbetre informasjonen frå Lånekassa?

Jon Lilletun (KrF)

Svar

Jon Lilletun: Eg går ut frå at du refererer til ein artikkel i Universitas om manglande kunnskap blant studentar om ordninga for ettergiving av lån etter fullførte lange utdanningar. Universitas rekner seg fram til at det i perioden frå 1994 og fram til i dag er 180 mill kr som ikkje er ettergitt, fordi studentane ikkje kjenner til ordninga.

Universitas har rekna ut denne summen på grunnlag av statistikk frå NIFU over uteksaminerte kandidater og opplysningar frå Lånekassen om summen for ettergiving for kandidatar som har fullført langvarig høgskole- eller universitetsutdanning.

Med dei knappe opplysningane som er gitt i artikkelen, er det ikkje mogleg å etterprøve dei utrekningane som er gjorde. Det ser ut til å vere fleire moglege feilkjelder som det ikkje er gjort greie for, slik som forhold mellom eksamen og tidspunkt for ettergiving, kva for gjennomsnittleg beløp som er nytta, om utdanningane er omfatta av ordninga med ettergiving og om kandidatane har lån som kan bli ettergitt. Det siste vil f eks ikkje vere tilfelle om ein student enten ikkje har hatt rett til støtte frå Lånekassen eller berre har søkt om stipend. Verken eg eller Lånekassen kan derfor gå god for den summen som er oppgitt.

Lånekassen har informert om ordninga gjennom alle dei vanlege kanalane og at dei og har hatt plakatkampanjer. I tillegg gir dei som regel på slutten av studiet informasjon på utbetalingspapiret til studentar som er aktuelle for ettergiving. Dei har og strekt seg langt i forhold til søknadsfristen. Lånekassen opplyser vidare at dei har hatt svært få klager frå studentar som i ettertid er blitt klår over at dei ikkje har nytta retten til nedskriving av lånet. Dette styrkjer Lånekassen sitt inntrykk av at det ikkje er noko særleg stort underforbruk av ordninga.

Eg held det for lite sannsynleg at ordninga er så dårleg kjent blant studentane som artikkelen i Universitas gir inntrykk av. Men sjølv om det er få som ikkje får ettergitt lån, er det likevel uheldig for desse. Lånekassen prøver derfor å få til automatiserte rutinar for ettergiving, og har bede alle lærestadene om å sende lister over kandidatar som har fullført utdanningar som går inn under ordninga. Lånekassen voner at dei nye rutinane skal vere på plass for dei som tek eksamen hausten 1999.