Skriftlig spørsmål fra Karin Andersen (SV) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:279 (1999-2000)
Innlevert: 10.04.2000
Sendt: 10.04.2000
Besvart: 14.04.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Karin Andersen (SV)

Spørsmål

Karin Andersen (SV): Det haster med å oppretta fleir plasser for enslige asylsøkjarar. Utlendingsdirektoratet har bede Flora kommune om å drive ei avdeling for dei yngste av dei einslege, mindreårige asylsøkjarane. Søknaden var sendt 16. desember 1999, og ein har enno ikkje fått svar. Søknaden er nyleg oversendt frå kommunal- og regionaldepartementet til finansdepartementet.
Kor langt er sakshandsaminga komme, og kortid ventar ein ferdighandsaming?

Begrunnelse

Flora kommune er driftsoperatør for Solbakken asylmottak i Florø. Mottaket har inntil 95 bebuarar, og av desse er inntil 20 einslege mindreårige, dei fleste i alderen 15-18 år. Utlendingsdirektoratet (UDI) har no bede Flora kommune om å drive ei avdeling for dei yngste av dei einslege, mindreårige asylsøkjarane. Avdelinga vil framleis ha 20 plassar, men alle barna vil vere under 15 år. Dette er ei utfordring Flora kommune ikkje kan ta utan tilførsel av midlar utover dei vanlege midlane som står til disposisjon i øyremerka tilskott.

Ein har, med utgangspunkt i røynsler frå noverande avdeling og UDI sin eigen rapport: "En vurdering av tilbodet til einslege mindreårige i statlege mottak", vurdert kva føresetnader ein må ha på plass. Krava er særleg knytt til auka bemanning på avdelinga, samt å sikre seg mot store underskott i grunnskuleundervisninga.

I 1999 kom det nesten 600 einslege, mindreårige flyktningbarn til Noreg, som søkte om politisk asyl. Det viser seg at dei fleste av desse, i hovudsak, kjem for å få tryggleik og nye sjansar i livet, og i liten grad seinare vert gjenforeina med familien sin. Det er viktig at vi tek imot desse barna på ein god trygg måte. Dei kjem frå krig, trakassering og ulike former for naudsituasjoner. Felles for dei alle er at dei av ulike årsaker kjem til eit framandt land, åleine, utan nære omsorgspersonar. Møte med Noreg og asylmottaket må difor, allereie frå første dag, opplevast som trygg og god. Noreg ynskjer å framstå som forkjempar for menneskerettar og barnerettar. Det er ei viktig forplikting for oss som nasjon, å kunne hjelpe desse barna vidare i livet. Ein måte å gjere det på, er å opprette eigne mottak for einslege mindreårige under 15 år, noko som UDI sjølv tilrår, og som dei slår fast vil krevje m.a. auka ressursar til bemanning og fagkompentanse.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Saka om oppretting av ei avdeling for dei yngste av dei einslege mindreårige asylsøkjarane er til behandling i departementet. Eg vil gjere nærmare greie for saka når den er ferdig behandla.