Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:305 (1999-2000) Innlevert: 08.05.2000 Sendt: 08.05.2000 Besvart: 19.05.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad
Karin Andersen (SV): Eg viser til mitt spørsmål nr 279, der eg spør om tidspunkt for ferdighandsaming av søknaden frå Solbakken asylmottak i Flora kommune, vedkommande drifta av ei avdeling for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Eg kan ikkje sjå at Statsråden svarte på spørsmålet. Statsråden har jo sjølv vore oppteken av denne gruppa, og tilhøva i mottak. Eg ber igjen om å få vite kor langt sakshandsaminga har komme, og om Statsråden vil få fortgang i sakshandsaminga, og gi positivt svar til Solbakken asylmottak?
Sylvia Brustad: Det vil bli oppretta ei avdeling for dei einslege mindreårige asylsøkjarane under 15 år ved Solbakken mottak så snart det er praktisk mogleg.