Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Sele Sveis har fått avslag på å byggja verkstadbygg og flytta Sele Sveis A/S til gnr. 51, bnr. 25 på Sele i Klepp trass i samrøystes vedtak i teknisk styre i Klepp kommune. Avgjerda er stadfesta av settefylkesmann, Fylkesmannen i Hordaland.
Er denne avgjerda i tråd med landbruksministaren sitt syn på å satsa på tilleggsnæringar i jordbruket og har statsråden nokon heimel for å gjera ein ny vurdering av saka?
Vedlegg til spørsmål:
Brev til stortingsrepresentant Oddbjørg Ausdal Starrfelt fra Klepp kommune v/ Brit Karlsen Ree.
Datert 29. mai 2000.
Vedrørende Verkstadbygg, Sels Sveis AS.
Saksnummer: 00/01552-001.
Løpenummer 009275/00.
Arkivkode U04. Avd/Sek/Saksh: SEN/SEN/BKR.
Begrunnelse
Det vert synt til vedlagde oversikt over saka frå Klepp kommune av 29. mai 2000. Underteikna har meir bakgrunnsinformasjon dersom det skulle vera ynskjeleg.