Skriftlig spørsmål fra May Britt Vihovde (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:385 (1999-2000)
Innlevert: 16.06.2000
Sendt: 16.06.2000
Besvart: 26.06.2000 av samferdselsminister Terje Moe Gustavsen

May Britt Vihovde (V)

Spørsmål

May Britt Vihovde (V): I Haugesunds Avis kunne eg denne veka lese at flygarane i SAS fryktar Helganes, då rullebanen er så kort at det går på sikkerheita laus, marginane er svært små.
Kjenner samferdselsministeren til denne kritikken, og kva kan verta gjort for å betra tilstanden ved flyplassen?

Begrunnelse

I dag er rullebanen på Helganes 1 600 meter lang. Flyplassen er sårbar for sidevind, og det er lite og ingenting å gå på i enden av rullebanen, med steinknausar i eine enden og myr i andre.
Flyplass vart bygd for mindre flytypar enn dei som vert brukte i dag. No risikerer passasjerane å ikkje få plass, då ein i enkelte tilfelle må fly med redusert last, eller at flyet må stå på bakken.
Det er Norsk Flygerforbund som kjem med kritikken i avisa.

Terje Moe Gustavsen (A)

Svar

Terje Moe Gustavsen: Etter reasfalteringa av rullebanedekket på Haugesund lufthamn i 1995 kom det fram at banedekket, under visse værtilhøve, kunne gje glatt bane og difor vektavgrensing for einskilde av SAS sine flygingar. Luftfartsverket foretok difor i 1997 ei overflatebehandling med rilling av rullebanedekket på lufthamna. Etter at dette blei gjort, opplyser både Braathens og SAS at dei ikkje finn banelengda som noke operativt problem anten i høve til flytryggleik eller i høve til last og rekkjevidde for dei ulike flytypane som selskapa flyg til og frå Haugesund lufthamn.
Det blir vist til at flyplassen blei bygd for mindre flytypar enn dei som blir nytta i dag. Luftfartsverket opplyser at allereie frå opninga blei DC9 nytta på ruten til og frå Oslo.