Skriftlig spørsmål fra Erna Solberg (H) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:428 (1999-2000)
Innlevert: 01.09.2000
Sendt: 01.09.2000
Besvart: 08.09.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Erna Solberg (H)

Spørsmål

Erna Solberg (H): Jeg er kjent med at olje og energidepartementet arbeider med en endring i organiseringen av Enøk-arbeidet og at det i den forbindelse er under planlegging å opprette et Enøk-"organ" eller direktorat. Jeg har også fått forståelse for at ECON a/s har fått i oppdrag å vurdere denne etableringen bla. alternative lokaliseringer.
Kan statsråden gi noen nærmere redegjørelse for hvilke kriterier departementet vil vektlegge for lokalisering av et slikt nytt Enøk-organ?

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Departementet har i samband med etableringa av et nytt organ for omlegging av energibruk og energiproduksjon, bede konsulentfirmaet Econ om å gjennomføre ei vurdering av ulike lokaliseringskriteria.

Econ sin rapport skisserer kriterium, som er avgjerande for kor godt organet kan gjennomføre oppgåvene:

- moglegheit til å rekruttere tilsette med høvelege kvalifikasjonar

- moglegheit til å ta personleg kontakt med andre aktørar som Olje- og energidepartementet, andre styresmakter, fagmiljø, kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt.

Kriteria ovanfor kan ikkje kvantifiserast.

Ein vil også leggje vekt på følgjande kvantifiserbare kriterium:

- mellombels kostnader i samband med flytting

- varige skilnader i kostnad knytt til drift av det nye organet

Organet må difor lokaliserast ein stad som har ein differensiert arbeidsmarknad og eit sterkt energifagleg miljø. Nærleik til offentleg kommunikasjon vil også vere naudsynt. Dette er særs viktig for at organet kan fungere godt og effektivt og bli ei vellukka fornying av offentleg sektor.