Torstein Rudihagen (A): Gjennom avisreportasjer, m.a. i VG, 1. og 2. september d.å., går det fram at ein "synsk" Psykoterapaut utan formell kompetanse eller godkjenning driv m.a."regresjonsterapi", der "falske minner" truleg blir mana fram. I omtalte tilfelle har behandlinga ført til påstandar om bestialske sex-overgrep og mord, noko politiet ikkje har funne haldepunktar for.
Kva vil justisministeren gjera for å hindre slik verksemd og for å ivareta rettstryggleiken for den som blir skulda for overgrep?
Begrunnelse
Eg har fått innsyn i ovanfornemnte sak som er ufatteleg tragisk for familien det gjeld, men som også reiser viktige spørsmål om rettstilstanden når det gjeld løyve til å drive slik uautorisert terapiverksemd og når det gjeld rettsvern for den som blir skulda for brotsverk på bakgrunn av det som kjem fram under "transe" eller suggesjon. Fagfolk på område som professor i psykiatri Einar Kringlen og psykologiprofessor Sven Svebak, advarer sterkt mot å stole på forteljinger som kjem fram i slik terapi.
Svebak uttaler m.a. : "Gestaltterapien benytter ulike grader av suggererende effekter" "Det ligger en fare for at falske minner konstrueres som et resultat av suggesjonseffekter " "Det er vitenskapelig svært liten støtte for at traumatiske hendelser i barndommen skal kunne fortrenges på en måte som gjør personen fullt fremmed for disse hendelsene, for så mange år senere å kunne fremerindres i psykoterapi, nesten som en overraskelse." Kringlen omtaler verksemda som kvakksalveri. Terapeuten i dette tilfelle, hevdar at han er synsk og bruker sine synske evner i behandlinga. Likevel får han fritt halde fram. Her synest det nærast å vera lovlause tilstandar.
Ein av dei som i denne saka vart skulda for sex-overgrep og mord vart anmeldt. Saka vart etterforska og henlagt. Vedkomande anmeldte terapeuten for falske skuldingar, men denne saka vart også henlagt. Vedkomande er derfor vergelaus mot slike grove skuldingar som han vart utsett for. Etter mitt syn er det uverdig at vi ikkje har eit sterkare rettsvern for folk. Hans moglegheit er da å reise privat straffesak med medfølgende omkostninger. Her burde i alle fall fri rettshjelp kunne brukast.
I denne saka er vi vitne til ein personleg tragedie og familietragedie som vi kunne hindra med ein annan rettstilstand.