Hallgeir H. Langeland (SV): I Aftenposten 3.11.00 hevdar ein britisk biolog at bruken av ammunisjon under Kosovo-krigen som inneheldt uran 238 kan føre til store skadar. Han meiner at innanding av støvet frå uranen vil auke risikoen for kreft i området. Den forrige regjeringa såg ingen grunn til å sette i verk særlege tiltak eller gje norsk personell på Balkan særlege garantiar.
Vil Regjeringa sette i verk særskilde tiltak for å undersøke og forhindre skadeverknadar?
Begrunnelse
Viser til skriftleg spørsmål 365 (1998-1999) til helseministeren, besvart 7. juli 1999.