Skriftlig spørsmål fra Rita Tveiten (A) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:116 (2000-2001)
Innlevert: 07.12.2000
Sendt: 08.12.2000
Besvart: 13.12.2000 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Rita Tveiten (A)

Spørsmål

Rita Tveiten (A): Befolkingsutviklinga i indre Hardanger har over lang tid synt ei negativ utvikling med fråflytting, særleg gjeld dette ungdom. Tap av arbeidsplassar og manglande infrastruktur pregar bilete. Kraftige omstillingstiltak for å få nytta ressursane i regionen må til.
Vil kommunalministeren vurdera å gje Hardanger-og Vossregionen status som omstillingsregion?

Begrunnelse

I lys av dagens debatt i Stortinget, knytt til næringskomiteen si budsjettinnstilling for 2001, og på bakgrunn av bygdemøte i Granvin 4. desember, finn eg grunn til å be kommunalministeren vurdera særskilde tiltak knytt til omstilling i Hardanger- Vossregionen.
I denne regionen er det Odda som har omstillingsstatus med bakgrunn i utfordringane knytt til det å vera einsidig industristad.
Fylkesstatistikken for Hordaland syner eit urovekkjande bilete når det gjeld utviklinga i Hardanger-Voss regionen. Ei negativ utvikling når det gjeld alderssamansetting og fråflytting har i ein lengre periode prega bilete. Den utviklinga me såg først i dei inste strøka av Hardanger, gjer seg no også gjeldande lenger vestover. Kvam kommune har fått endra sitt utvilklingspotensial gjennom omlegging av hovedferdselsåra som no går over Voss. I tillegg har no Bjølvefossen, hjørnesteinsverksemda i Ålvik, varsla ei nedtrapping på 150 årsverk over to år. Granvin har fått varsel om at Vestlandske salslag, bondesamvirke sitt einaste slakteri i Hordaland, skal leggjast ned dersom ikkje det vert funne samarbeidsformer med dei private slakteria i regionen. Felles for begge verksemdene er at dei går med overskot, utan at det ser ut til å påverka eigarane til vidare drift. I Granvin dreiar det seg om 29 arbeidsplassar i ein liten kommune på 1044 innbyggjarar pr.1.1.2000. I tillegg arbeider språkteknologisenteret på Voss i motbakke.
Anleggsbransjen står ovanfor oppdragstørke og byggeaktiviteten er laber. Tradisjonelt har desse bransjane rekruttert mange arbeidstakarar og hatt mange eigne næringsdrivande i denne regionen.
SND, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond sin rolle er å medverka til utbygging, modernisering, omstilling, produktutvikling og nyetablering.
Ved at det er regionen som får omstillingsstatus kan ein få vurdert heile regionen i samanheng. SND, Siva og utdanningsmiljøa i distriktet kan få eit større ansvar. Sams for kommunane i denne regionen er at dei har både mogelegheiter og ressursar. Oppgåva no må vera at me må setja oss i stand til å gjera bruk av dei. Verkemiddelappartet me rår over bør etter mitt syn kunna nyttast i området.
Med bakgrunn i at det er brei semje om busetnad og vekst i alle delar av landet vil er be kommunalministeren vurdera å la Hardanger-Vossregionen få omstillingsstatus med dertil følgjande tiltak og vilkår.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: For å kunne vurdera om situasjonen i Hardanger- og Vossregionen krev ein ekstraordinær statleg innsats, må departementet få tilgang på grunnlagsmateriale som dokumenterer den aktuelle eller pårekna situasjonen når det gjeld folketal, næring og sysselsetjing i regionen.

Område som har hatt eller har utsikter til store tap av arbeidsplassar i næringar som er avgjerande for den økonomiske utviklinga i området, er aktuelle for stønad frå omstillings- og nyskapingsløyvinga. Unntaksvis kan område med særskilde og langsiktige problem i samband med omstrukturering i næringslivet få stønad frå løyvinga. Hovudkravet for å få stønad er at reduksjonen i den direkte sysselsetjinga i hjørnesteinsbedrifta/-næringa utgjer minst 10 prosent av den totale sysselsetjinga i området. I ei totalvurdering av situasjonen i området kan det òg leggjast vekt på reduksjon i den indirekte sysselsetjinga, arbeidsløyse og situasjonen i heile arbeidsmarknadsregionen.

Fylkeskommunen har eit særleg ansvar for å avdekkja situasjonar som dette. For at departementet skal kunne avgjere om regionen kan få omstillingsstatus, er det ein føresetnad at Hordaland fylkeskommune utarbeider ein konsekvensanalyse for Hardanger- og Vossregionen. Føremålet med dette er å gjere greie for den aktuelle eller pårekna situasjonen når det gjeld korleis utviklinga i folketal, sysselsetjing og arbeidsmarknad, næringsstruktur, utdanning og kommuneøkonomi har/vil endra seg. KRD vil på bakgrunn av ein slik konsekvensanalyse avgjere om Hardanger- og Vossregionen bør få omstillingsstatus.

Eg vil òg opplyse at Odda, Stord og Fitjar kommunar har omstillingsstatus. Odda er no inne i sitt tredje år, mens arbeidet i Stord og Fitjar akkurat har begynt.