Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:127 (2000-2001)
Innlevert: 12.12.2000
Sendt: 13.12.2000
Besvart: 19.12.2000 av olje- og energiminister Olav Akselsen

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): I ukeavisa Upstream kan vi lese at olje- og energiministeren har overprøvd en anbefaling fra fagorganet, Oljedirektoratet (OD), om å stenge ned produksjonen for å komme på et akseptabelt faklingsnivå. ExxonMobil som opererer Balder-feltet har enkelte dager faklet mer enn 500 000 kubikkmeter gass daglig, og med slik fakling skapes det NOx-utslipp som er fem ganger så høye som for de planlagte gasskraftverkene.
Dette er helt uforsvarlig, men hvorfor ser statsråden helt bort fra ODs anbefaling?

Begrunnelse

Det vises til Upstreams utgave 08.12.00, og eksisterende og økende klimaproblemer, samt forsuringsproblemer i områder av Norge.

Olav Akselsen (A)

Svar

Olav Akselsen: Balderfeltet vart sett i produksjon i oktober 1999. I januar 2000 oppdaga operatøren, Esso, problem med gassdisponeringssystemet på Balderskipet. Operatøren har sett inn alle naudsynte ressursar for å utbetra anlegget, men problema har vist seg særs omfattande. Normal drift er no venta mot slutten av 1. kvartal 2001.

Olje- og energidepartementet kan etter søknad frå operatøren gje utvida faklingsvolum ved hendingar som gjer det naudsynt med fakling utover det nivået som ligg til grunn i produksjonstillatinga.

Når det gjeld Balder, har departementet i samsvar med tilråding frå Oljedirektoratet (OD) innvilga utvida faklingsvolum for 1., 2. og 3. kvartal, samt for oktober 2000. Dette på bakgrunn av at det ved oppstart av eit felt ofte kan oppstå problem ved innkøyring av prosessanlegget, og at operatøren forventa ei rask normalisering av situasjonen. På bakgrunn av at Balderfeltet no ikkje lenger er i ei oppstartingsfase, fann departementet dei høge faklingsvoluma uakseptable. Sett opp mot søknaden frå operatøren har departementet gitt vesentleg redusert faklingsvolum for slutten av året og for 1. halvår 2001.

Det har under heile prosessen vorte halde møter der både operatøren, OD og departementet har vore til stades. Departementet har hatt ein tett dialog med OD i saka og det var ingen usemje om det faklingsvolumet som vart innvilga for november månad (258 000 Sm3 gass per dag i gjennomsnitt) eller for perioden desember 2000 - juni 2001 (150 000 Sm3 per dag i gjennomsnitt). Desse voluma er vesentleg lågare enn operatøren hadde søkt om.

Departementet valde i samråd med OD å gje eit gjennomsnittleg faklingsvolum for desember 2000 og 1. halvår 2001, slik at operatøren var sikra stabile rammevilkår for å kunne optimalisera arbeidet med å utbetra gassdisponeringssystemet. Dette medfører også at departementet kan redusera tillatt faklingsvolum ytterlegare for 2. halvår 2001.

Generelt vil eit lågt faklingsvolum føra til at oljeproduksjonen på Balderfeltet vert lågare. På grunn av at faklingsvolumet no er redusert, er oljeproduksjonen ved Balderfeltet for tida vesentleg lågare enn det feltet teknisk kan produsera. Ein kan ikkje utelukka at produksjonen vil måtte stansast i kortare periodar.

Operatøren betaler sjølvsagt CO2-avgift for utsleppa frå Balderfeltet. Med omsyn til NOx-utsleppa utgreier Regjeringa no nærare kva for tiltak og verkemiddel som bør nyttast for å oppfylle våre plikter i mellom anna Gøteborgprotokollen. Det vil bli lagt vekt på å gjennomføra tiltak og verkemiddel som gjer at pliktene kan oppfyllast til lågast mogeleg kostnad for landet samla. I den samanheng vert òg tiltak overfor utslepp offshore vurdert.

Departementet følgjer faklinga på Balder nøye. Som eit ledd i dette arbeidet har departementet bede operatøren om å leggja fram ein revidert plan for Balder på dei punkta som gjeld gasshandsaming, dersom ein reknar med vesentlege endringar i forventning til anlegget. Det avgjerande er om eventuelle endra forventningar vil innebera avvik frå talla som går fram av plan for utbygging og drift og konsekvensutgreiing.