Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:176 (2000-2001)
Innlevert: 18.01.2001
Sendt: 19.01.2001
Besvart: 26.01.2001 av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kvifor får ikkje asylsøkjarar som klagar på avslag på søknadene sine høve til personleg frammøte?

Begrunnelse

I Innst. O. nr. 35 uttaler fleirtalet i komiteen, alle parti unnateke Framstegspartiet, følgjande: Flertallet har merket seg at det i proposisjonen er foreslått at det som hovedregel skal gis adgang til personlig fremmøte i asylsaker som skal behandles i nemnd. Flertallet mener at personlig fremmøte er avgjørende for nemndas legitimitet som et domstolslignende organ. Flertallet vil peke på at den sterkeste siden ved Utlendingsnemnda er at den enkelte asylsøker får anledning til å forklare seg for klageinstansen, og at Utlendingsnemnda dermed vil inkludere en systematisk og grundig etterprøving av de vurderinger som har blitt gjort i første instans".
Komitefleirtalet uttaler elles: "Flertallet vil understreke at et viktig formål med Utlendingsnemnda er økt rettssikkerhet og tillit til avgjørelser som tas".
I Tingvoll kommune i Møre og Romsdal har ein familie frå Albania gått i kyrkjeasyl. Dei har behov for å forklare for Utlendingsnemnda eigen tryggleiksituasjon i heimlandet, helsemessige høve, omsyn til mindreårige sin situasjon og tilknyting til Noreg. Det er vanskeleg både for dei sjølv og også for lokalsamfunnet å avfinne seg med eit administrativt avslag.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: I grunngjevinga for spørsmålet er det vist til ein familie frå Albania i Tingvoll kommune. Familien fekk endeleg avslag på søknad om asyl av Justisdepartementet før 1. januar 2001. Personar som har fått endeleg avslag av departementet før 1. januar 2001, har etter lova ingen rett til å få saka si handsama på nytt av Utlendingsnemnda. På den andre sida: Dersom det blir lagt fram nye opplysningar for Utlendingsnemnda i saka, vil Utlendingsnemnda sjølv ta stilling til korleis nemnda vil handsame saka vidare. I den samanhengen vil nemnda også vurdere om ho vil gje tilbod om personleg frammøte.

Eg vil elles minne om at det frå 1. januar 2001 er Utlendingsnemnda som avgjer alle klager i utlendingssaker. Nemnda er eit frittstående og uavhengig klageorgan, administrativt underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Etter same dato kan departementet ikkje instruere nemnda, korkje om lovtolking, skjønnsutøving eller avgjersle av enkeltsaker. Dette gjeld også i forhold til Utlendingsdirektoratet, og har som følgje at den politiske styringa med enkeltsaker no må skje gjennom lov og forskrift.

Dei nye reglane i utlendingslova om Utlendingsnemnda og personleg frammøte tok til å gjelde 1. januar 2001. Reglane inneber at asylsøkjarar som ikkje har fått endeleg avslag i saka si før nyttår, får klagesaka si handsama av Utlendingsnemnda. Etter lova vil personleg frammøte vere hovudregelen i asylsaker. Eg viser her til utlendingslova § 38 b fjerde ledd, andre punktum.

Som ansvarleg statsråd vil eg følgje utviklinga og praksis i både direktoratet og nemnda nøye. Dersom det er behov for det, vil eg foreslå endringar i utlendingslova og/eller forskriftene.