Skriftlig spørsmål fra Sverre J. Hoddevik (H) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:200 (2000-2001)
Innlevert: 31.01.2001
Sendt: 31.01.2001
Besvart: 08.02.2001 av fiskeriminister Otto Gregussen

Sverre J. Hoddevik (H)

Spørsmål

Sverre J. Hoddevik (H): I den nye deltakarlova er det krav om ervervsløyve ved registrering av fiskefartøy. Ervervsløyve krev m.a. at ein har hatt fiske som leveveg i tre av dei fem siste åra. Mange av dei som har hatt fiske som biinntekt oppfyller ikkje dei nye krava til registrering av fartøy og er såleis avskorne frå å fiske for meir enn 30 000 kr i året. Regjeringa kan gje forskrift som fritek fartøy under ein viss storleik frå aktivitetskravet.
Når vil statsråden gje ein slik forskrift?

Begrunnelse

Fram til 1. januar 2000 da den nye deltakarlova trådte i kraft, kunne ikkje-manntalsførte fiskarar fiske så mykje dei ville målt i kroner eller vekt. Utover fiskestoppar som fylgje av oppfiska kvotar eller andre ressursmessige tilhøve, var fisket stort sett berre avgrensa av dei reiskapavgrensingane som går fram av saltvannsfiskelova § 4a:

a) handsnøre, fiskestong og ein maskindriven juksa eller dorg,
b) garn med samla lengde på inntil 210 meter,
c) liner med inntil 300 anglar,
d) inntil 20 teiner eller ruser.

Om ein skulle drive erversmessig fiske så kravde Lov om registrering og merking av fiskefartøy av 1917, at fartøyet som skulle nyttast måtte førast inn i merkeregisteret. Fiskeriforvaltninga hadde på oppmoding plikt til å føre fartøy inn i registeret, uavhengig av om fiskaren var manntalsført eller ikkje. I denne samanheng er fisket rekna som erversmessig når ein frå eigen båt omset for meir enn 30 000 kroner i året.
I den nye deltakarlova som trådte i kraft 1. januar 2000 er det innført krav om ervervsløyve ved kjøp eller registrering av fiskefartøy. For å få ervervsløyve og oppføring i fiskarmanntalet er det krav om at ein har hatt fiske som leveveg i minst tre av dei fem siste åra. For å stå på Blad A er det samstundes krav om at ein ikkje har meir enn 4 G i inntekt frå anna yrke. For å stå på Blad B er det krav om at ein har minst 2/3 av samla inntekt frå fisket. Sidan mange av dei som driver fiske som kombinasjonsnæring eller som biinntekt til anna yrke ikkje tilfredsstiller disse krava, får dei ikkje ervervsløyve og er avskorne frå å fiske for meir enn 30 000 kroner. Etter § 6 i lova har Kongen likevel fullmakt til å gje forskrift om unntak for kravet om tidlegare aktivitet i fiske ved kjøp eller registrering av fartøy under ein viss storleik. Nokon slik forskrift har departementet førebels ikkje gitt. Følgjen er at dei som har behov for å drive fiske i kombinasjon med anna inntekt er fråteken sin tidlegare rett til å drive ervervsmessig fiske.
I debatten om Innst. O. nr. 38 (1998-99) om deltakarlova sa den dåverande fiskeriministeren at: "Lovforslaget er derfor i hovudsak en teknisk og juridisk oppdatering av gjeldande konsesjonslovgiving". Og vidare: "Det foreslås i loven at det ved forskrift skal gjøres unntak for aktivitetskravet ved søknad om ervervstillatelse for fartøy under en viss størrelse." På bakgrunn av disse fråsegnene er det underleg at ein slik forskrift enno ikkje er gitt. Eg spør derfor statsråden når han vil gje ein slik forskrift og slik syte for at den som måtte ønskje det kan nytte sine økonomiske rettar til å drive ervervsmessig fiske berre avgrensa av dei reglane som går fram av saltvannsfiskelova § 4a.

Otto Gregussen (A)

Svar

Otto Gregussen: Etter lov av 26. mars 1999 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) kreves ervervstillatelse for alle fartøy som nyttes til ervervsmessig fiske eller fangst.

Ervervstillatelse kan bare gis til den som har drevet ervervsmessig fiske eller fangst på eller med norsk fartøy i minst tre av de siste fem årene og fortsatt er knyttet til fiske- og fangstyrket. Ordningen med ervervstillatelse har som hovedformål å sikre at det er personer med en viss aktivitet i fiske som får adgang til å erverve fiskefartøy.

Ervervsmessig fiske og fangst er definert ved at vedkommende yrkesutøver skal ha fiske til levevei alene eller sammen med annen næring.

Som nevnt i spørsmålet kan det ved forskrift gjøres unntak fra kravet om tidligere aktivitet, herunder for fartøy under en viss størrelse. Denne adgangen er tenkt brukt til å følge opp Strukturmeldingens forutsetning om å sette noe lempeligere krav for erverv av fartøy under en viss størrelse når aktivitetskravet ble skjerpet og samtidig gjort gjeldende for alle fartøystørrelser. Samtidig vil jeg vise til at vi også i dag har slike regler, men forskriften er gitt med hjemmel i en midlertidig lov fra 1956. Det er behov for å vurdere både det materielle innholdet nærmere og å få tilpasset det til dagens lovverk.

Deltakerloven gir for øvrig Kongen myndighet til å fastsette forskrifter om unntak fra enkelte bestemmelser i loven og til å fastsette nærmere bestemmelser til gjennomføring av loven. Fiskeridepartementet har, i samarbeid med Fiskeridirektoratet, startet arbeidet med å utforme utfyllende forskrifter til deltakerloven. Regler om unntak fra kravet om tidligere aktivitet vil bli prioritert. Forslag til nye regler vil på vanlig måte bli sendt på høring til berørte parter før fastsettelse.