Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:228 (2000-2001)
Innlevert: 14.02.2001
Sendt: 15.02.2001
Besvart: 22.02.2001 av utenriksminister Thorbjørn Jagland

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Det ligg no føre planer om å transportere japansk atomavfall langs norskekysten og gjennom Nordaustpassasjen. Sjølv det som til vanleg vil vere eit mindre uhell kan medføre ei miljøkatastrofe for kyst-Norge og for dei rike fiskeressursane.
Kan og vil utanriksministeren ta initiativ til å få stoppa desse planane?

Begrunnelse

Planane går ut på å frakte reprossesert atombrensel med plutonium og høgradioaktivt avfall frå anlegg i England og Frankrike, opp langs norskekysten, forbi fiskefelt i Norskehavet og Barentshavet og gjennom den sårbare naturen i Nordaustpassasjen. Transporten skjer i dag gjennom Panamakanalen, rundt Sør-Amerika eller rundt Sør-Afrika og Australia. Grunnen til at ei ny rute gjennom Nordaustpassasjen no blir vurdert er både ei halvering av avstand og transporttid og sterk politisk motstand frå dei landa som hittil har vore trua av denne transporten.
Nordaustpassasjen er i dag ikkje rekna som eit kommersielt brukbart alternativ for vanleg godstransport. Men ettersom den politiske motstanden mot transport av atomavfall frå landa langs ei alternativ rute er sterk og aukande, vil Nordaustpassasjen stå fram som eit alternativ.
Russland vil ha økonomiske fordeler av slik transport, m.a. gjennom oppdrag til dei store atomisbrytarane som i dag har få oppdrag. USA er den tredje kyststaten som kan bli berørt (Alaska), og eg veit lite om korleis styresmaktene der stiller seg.
Konsekvensane av uhell kan bli katastrofale for befolkning og ressursgrunnlag. Det er svært viktig at norske styresmakter no går sterkt på banen for å få stoppa desse planane.

Thorbjørn Jagland (A)

Svar

Thorbjørn Jagland: Planane om transport av atomavfall langs norskekysten, som har vore omtalt i forskjellige media den siste tida, vekkjer uro. Dette ga òg miljøvernministeren uttrykk for i sitt svar til Stortinget 31. januar. Den norske kysten er lang og verhard, og frakt av eit så risikabelt materiale som atomavfall vil kunne vere eit alvorleg trugsmål mot både menneske og marine ressursar. Det er i denne samanhengen viktig å vere merksam på at Noreg og Russland samarbeider nært om forvaltninga av fiskeressursane i Barentshavet.
Vi har gjort undersøkingar hjå styresmaktene i dei aktuelle avskiparlanda, samt i Russland. Etter det vi har fått opplyst, er ikkje styresmaktene verken i Frankrike, Storbritannia, Japan eller Russland involverte i planar om transport av atomavfall langs norskekysten og gjennom Nordaustpassasjen. Mykje tyder på at det førebels berre er kommersielle interesser i nokre av landa som diskuterer slik transport. Etter det vi har grunn til å tru, er desse diskusjonane på eit tidleg stadium.
Likevel er dette ei sak vi må ta alvorleg. Statssekretæren i Miljøverndepartementet, Stein Lier Hansen, uttrykte sterk uro for ein eventuell atomtransport langs norskekysten då han vitja sin russiske kollega Aleksej Porjadin 30. januar i Moskva. Dei blei samde om å følgje opp saka i det norsk-russiske miljøvernsamarbeidet. Kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad gjentok norsk uro for dei omtalte planane om atomtransport i sitt møte med den russiske viseministeren for naturressursar og Guvernøren i Murmansk fylke 5. februar. Under Miljøvernministermøtet i København 20. februar blei òg dette spørsmålet diskutert, og dei nordiske miljøvernministrane var samde om å følgje utviklinga i saka nøye, og protestere mot slik transport. Regjeringa legg opp til å nytte alle høve i framtidige møter med russiske styresmakter for å formidle vår negative haldning til transport av atomavfall langs norskekysten. Eg tek sjølv sikte på å diskutere spørsmålet med min russiske kollega under dei bilaterale samtalane i samband med Barentsrådsmøtet i Murmansk 14.-15. mars.
Ei av årsakene til at aktørane på markedet søkjer nye ruter, er dei strenge miljørestriksjonane på dei til no brukte rutene. I tillegg til den politiske motstanden, vurderer Regjeringa difor kva som kan gjerast for å auke kontrollen av farvatna utanfor norskekysten, slik at norsk miljølovgjeving kan anvendast lenger ut enn no. Som nemnt av miljøvernministeren og meg i Stortinget 31. januar, vurderer vi ei rekkje tiltak. Desse omfattar mellom anna:
· betre overvaking og varsling
· auka bruk av såkalla farledstiltak, som påbydde seilingsleder og losplikt
· betre sjøkart
· utviding av territorialfarvatnet frå 4 til 12 nautiske mil.
Regjeringa vil følgje utviklinga av denne saka nøye, og gjere det klart for både russiske styresmakter og styresmaktene til andre involverte land kva Noreg meiner om transport av atomavfall i så vanskelege farvatn som norskekysten og Nordaustpassasjen. Samstundes vil vi gjere det vi kan for å betre kontrollen over miljøet langs vår eigen kyst.