Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:389 (2000-2001)
Innlevert: 14.05.2001
Sendt: 15.05.2001
Besvart: 23.05.2001 av arbeids- og administrasjonsminister Jørgen Kosmo

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Arbeids- og administrasjonsdepartementet har nyleg hatt ute til høyring eit notat om nytt støtte- og styringssystem for arbeidsmarkedstiltak. Det har kome reaksjonar m.a. frå Fagerli Verksted i Ålesund som går ut på at forslaget vil føre til at psykisk utviklingshemma må seiast opp frå jobbane sine til fordel for arbeidstakarar med høgare såkalla restarbeidsevne.
Kva vil statsråden gjere for å unngå at dei nye reglane gir slike utslag?

Begrunnelse

Forslaget til nytt regelverk for arbeidsmarkedstiltak kan få svært dramatiske følger for Fagerli Verksted AS i Ålesund. "I verste fall risikerer de svakeste av de svake blant oss å bli skjøvet fullstendig på sidelinjen når det gjelder sysselsettingstiltak," seier styreformannen i det kommunale selskapet til Sunnmørsposten 4. april i år.
Same problemstillinga gjeld utan tvil også liknande tiltak andre stader i landet. Det er svært forståeleg at frykta for slike virkningar fører til reaksjonar. Det er difor viktig at statsråden snarast gjer greie for denne saka.

Jørgen Kosmo (A)

Svar

Jørgen Kosmo: Spørsmålet ditt tar utgangspunkt i forslaget om eit nytt og enklare regelverk for arbeidsmarknadstiltaka, som nettopp har vært på høring. I forslaget foreslår eg å slå sammen dei tre noverande arbeidssamvirketiltaka PV, ASV og ASVO til et nytt felles arbeidssamvirketiltak. Det nye tiltaket skal bygge på dei same prinsippa som i dag gjeld for ASVO, nemleg offentleg eigarskap, statleg finansiering i form av fast månadssats og avtale om kommunal medfinansiering.
Du er oppteken av om forslaget vil føre til at psykisk utviklingshemma må seiast opp og bli erstatta av arbeidstakarar med høgare restarbeidsevne. Du nemnar i det høve ei av PV-verksemdene, Fagerli Verksted AS i Ålesund.
Forslaget om et nytt og enklare regelverk for arbeidsmarknadstiltaka blei sendt på brei høring med 3 månader uttalefrist. Fristen var sett til 20. april i år. Det har innkomme om lag 50 innspel til departementet i saka. Dei fleste arbeidsamvirketiltaka er organiserte i ASVL, som har uttalt seg i saka. Fagerli Verksted A/S har også sendt inn sine vurderingar i saka til departementet. Eg er såleis vel kjend med synspunkta som du tar opp. Departementet er no i ferd med å gå igjennom alle innspela i denne viktige saka.
I forslaget som har vore på høring seier eg klårt i frå at enkelte av verksemdene som i dag får tilskot etter budsjett, vil motta eit lågare statleg tilskot etter det nye regelverket. Men det seiest også at departementet nett difor vil legge opp til at disse verksemdene får tid til å omstille seg, og at det i ein overgangsperiode på 2-3 år vil bli gitt økonomisk støtte til omstilling. Departementet er no i ferd med på lage overgangsreglar.
Omstilling er naudsynt for fleire av verksemdene. Eit vellukka resultat krev tett dialog med dei enkelte verksemdene og med ASVL. Det vil bli gjort. Eg kan forsikre om at eg legg stor vekt på at det nye regelverket skal bidra til at tilbodet blir betre også for dei med størst problem på arbeidsmarknaden.