Skriftlig spørsmål fra Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til kulturministeren

Dokument nr. 15:398 (2000-2001)
Innlevert: 21.05.2001
Sendt: 22.05.2001
Besvart: 30.05.2001 av kulturminister Ellen Horn

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Spørsmål

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kvitsøy kommune i lag med m.a. kyrkjelege instansar engasjerer seg for å få tilbake frå Norsk Folkemuseum ei altartavle frå 1620.
Meiner statsråden at lokale kulturskattar i større grad enn i dag bør vera til glede og nytte i dei lokalmiljøa dei ein gong var ein del av, og på kva måte vil ho i tilfelle medverka til det?

Begrunnelse

Eg viser til artiklar i Stavanger Aftenblad 7., 8. og 9. mai 2001 som fortel nærare om Kvitsøy sitt engasjement.

Internett:
http://www.stavanger-aftenblad.no/kultur/article.jhtml?articleID=73170

http://www.stavanger-aftenblad.no/kultur/article.jhtml?articleID=73324

http://www.stavanger-aftenblad.no/kultur/article.jhtml?articleID=73510

http://www.stavanger-aftenblad.no/nyheter/leder/article.jhtml?articleID=73570

Ellen Horn (A)

Svar

Ellen Horn: Musea har dei siste åra hatt stor pågang frå lokalmiljøa om tilbakeføring og utlån av gjenstander. For å få ei generell vurdering av desse spørsmåla blei det i 1999 oppnemnd eit utval i samråd med Nasjonalt utval for universitetsmusea (NUUM) og Norsk museumsutvikling (NMU). Utgreiinga frå utvalet, NMU 5:2000 Utlån og avhending av materiale fra museenes samlinger, låg føre i oktober 2000. Etter mi meining gir tilrådingane frå utvalet musea eit godt utgangspunkt for å vurdere saker som den De her spør om. Eg vil understreke at dette er saker som må løysast mellom musea, som i dei fleste tilfella har eigedomsretten til gjenstandane, og lokale interessentar. Kulturdepartementet har ikkje instruksjonsmynde og grip ikkje inn overfor musea i slike tilfelle.
I samband med den aktuelle saka mellom Norsk Folkemuseum og Kvitsøy kommune vil eg understreke at kyrkjesamlinga til Norsk Folkemuseum er ei av dei viktigaste i Noreg. Den aktuelle altertavla frå Kvitsøy blei innlemma i Kyrkjesamlinga i 1902, då den blei gitt som gåve til museet frå Kvitsøy kyrkjetilsyn. I kyrkjesamlinga er altertavla den einaste frå Vestlandet og er både kunsthistorisk, kulturhistorisk og i liturgisk forstand eit viktig bidrag til å forstå norsk kyrkjehistorie for dei mange som årleg vitjer Kyrkjesamlinga.
Norsk Folkemuseum har i 99 år teke vare på altertavla på beste måte. Ho har vore oppbevart i eit lokale som er sikra mot brann, med stabilt klima og luftfukt. I 1990 vart ho papirsikra og i 1998 vart ho gjenstand for teknisk konservering.
NMU 5:2000 tilrår at musea, ut frå omsynet til bevaring og formidling, må føre ein restriktiv politikk i forhold til tilbakeføring av kyrkjemateriale. Eg er einig i denne tilrådinga, sjølv om eg kan forstå at lokalsamfunna ønskjer å få tilbake gjenstander som på ein særleg måte talar om den lokale og den kristne kulturen si historie. Likevel er det slik at musea ofte vil ha den beste kompetansen til å ta vare på kulturskattane våre.