Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:429 (2000-2001)
Innlevert: 31.05.2001
Sendt: 01.06.2001
Besvart: 08.06.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Når vil statsråden svare på søknad datert 23. august 1999 om endra godkjenningstidspunkt for Bårdar Akademiet si Ballettlinje III, og kva er grunnen til at denne saka har teke så lang tid?

Begrunnelse

I brev 13.08.99 får Bårdar Akademiet (tidlegare Norsk Musikkteater & Ballettakademi) godkjenning for Ballettlinje III, med rett til tilskot etter privatskulelova. Bårdar Akademiet var då i ferd med å ta opp studentar for skuleåret 1999/2000 etter å ha fått munnleg beskjed om at søknaden ville bli godkjend.
Bårdar Akademiet vart først ved brevet 13. august klar over at godkjenninga først vart gjort gjeldande for skuleåret 2000/2001. Av omsyn til studentane kunne ikkje opptaket for studieåret 1999/2000 avbrytast, og dei manglande løyvingane kunne heller ikkje veltast over på studentane. Dette ga ei tung ekstrabelastning på skulen. For å redusere tapet, søkte Bårdar Akademiet i brev 23. august 1999 om at godkjenninga i alle fall måtte skje med verknad frå 1. januar 2000. Dei har enno ikkje fått svar på dette, og slit tungt med dei økonomiske ettervirkningane.
Eg voner statsråden vil sjå raskt og positivt på saka.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: I brev datert 13. august 1999 fekk Bårdar Akademiet godkjenning for Ballettlinje III frå og med skuleåret 2000/2001. Departementet gir godkjenning frå og med eit skuleår, og ikkje frå og med eit kalenderår.
Bårdar Akademiet søkte 23. august 1999 om endra godkjenningstidspunkt for si Ballettlinje III. Ved en inkurie blei søknaden liggjande i departementet. Søknaden er no handsama og svar er sendt skulen.