Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til kirke-, utdannings- og forskningsministeren

Dokument nr. 15:476 (2000-2001)
Innlevert: 15.06.2001
Sendt: 18.06.2001
Besvart: 22.06.2001 av kirke-, utdannings- og forskningsminister Trond Giske

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Det eksisterer i dag fleire tilbod om kurs innan pedagogisk bruk av IKT. Departementet har gitt høgskolen i Agder i oppdrag å utvikle eit nasjonalt tilbod på dette området. Dette skal føre fram til eit sertifikat som skal tilbydast alle norske lærarar.
Vil statsråden sjå til at også andre tilbydarar, også utanom høgskulesystemet, får høve til å vere med å gi dette tilbodet, slik at vi ikkje får ein slags monopolsituasjon der gode tilbod blir skvisa ut?

Begrunnelse

Under Norsk Konferanse for Utdanning og Læring (NKUL) uttalte statsråden følgjande (sitert frå Skolemagasinet nr 3 2001):
"Vi har gitt høgskolen i Agder i oppdrag å utvikle og å gjennomføre et nasjonalt tilbud innen pedagogisk bruk av IKT. Dette vil være et sertifikat som tilbys alle norske lærere. Det første tilbudet vil være på plass i høst."
Dette er sikkert eit godt tiltak. Behovet for slik opplæring er stort.
Men det finst allereide i dag fleire tilbod på området som er utvikla utfrå dette behovet. Mellom anna har kommunane Volda, Vanylven, Sande og Sykkylven i Møre og Romsdal gått saman om å drive AV-senteret i Volda. Eit av tilboda der er "Norsk Nettskole" som i fleire år har drive med slik opplæring. Det er også verdt å merke seg at akkurat dette tilbodet om kurs innan pedagogisk bruk av IKT er utvikla utan statsstøtte, medan eg forstår det slik at Staten må bruke fleire millionar for å få fram det nye tilbodet.
Mi frykt går ut på at departementet sitt tilbod, som skal gi "sertifikat", vil føre til konkurransevriding og at andre tilbod ikkje vil få konkurrere på like vilkår, m.a. om å gi det såkalla sertifikatet.
Eg bed om at statsråden gjer greie for dei økonomiske sidene ved dette, og at han kan forsikre om at det vil vere muleg også for andre tilbydarar å konkurrere på like vilkår, også om å kunne gi "sertifikat".

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Som representanten Løvik opplyser, har departementet gjeve høgskolen i Agder i oppdrag å utvikle eit nasjonalt tilbod om kurs for lærarar innan pedagogisk bruk av IKT. Bakgrunnen for oppdraget er gitt i departementet sin årsplan for 2001: "I løpet av høsten 2001 skal lærere i grunnskolen, videregående opplæring og lærerutdanningen få tilbud om opplæring i pedagogisk og faglig bruk av IKT". Totalt er det for 2001 sett av 20 mill. kr til dette føremålet.
Nettverksuniversitetet leverte hausten 2000 ei rapport om innhald, organisasjonsmodellar og spreiingsstrategi for eit slikt tilbod. Som medlem i Nettverksuniversitetet deltok Høgskolen i Agder i dette arbeidet. Samstundes har Høgskolen i Agder hatt ei særleg kontakt med Danmark, og dei har og prøvd ut det danske konseptet "IT-Kørerkortet for lærere" i Vest-Agder med godt resultat.
Høgskolen i Agder fikk 5. april i år i oppdrag å utvikle og gjennomføre eit opplegg for etterutdanning innan pedagogisk bruk av IKT. Endeleg ramme for oppdraget er til vurdering i departementet og vil bli fastsett ut frå planane til høgskolen.
I oppdragsbrevet peiker departementet på behovet for eit aktivt samarbeid med universitet og høgskolar, Læringssenteret, dei statlege utdanningskontora, kommunar og fylkeskommunar. Høgskolen i Agder har allereie invitert andre institusjonar til samarbeid om utviklinga av opplegget. Høgskolen i Agder og departementet er klår over at det eksisterer mange gode tilbod rundt om som det er viktig å dra nytte av. Men ikkje alle vil kunne passe inn i det opplegget som no skal formast ut.
Utviklinga av opplegget vil, som nemnt over, skje i ei mindre gruppe medan gjennomføringa vil måtte skje i samarbeid med ei rad andre samarbeidspartner. Eg er viss på at andre, også utanom høgskolesystemet, vil få høve til å vere med på å gje dette tilbodet.