Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:500 (2000-2001) Innlevert: 22.06.2001 Sendt: 22.06.2001 Besvart: 28.06.2001 av olje- og energiminister Olav Akselsen
Hallgeir H. Langeland (SV): Island har som mål å avskaffe bruken av fossilt brensel i løpet av 30 - 40 år. Det er da bl.a. intensjonen å bruke vannkraft og geotermisk energi til å produsere hydrogen til erstatning for fossile brennstoff. Hvordan vil Regjeringen sørge for at også Norge øker innsatsen for å forske på og utvikle hydrogen som alternativ til fossilt brensel?
Olav Akselsen: Den statlege innsatsen når det gjeld forsking og utvikling knytta til hydrogen som energiberar, er i regi av Noregs forskingsråd. Til no har ikkje denne forskinga vore av særleg stort omfang i Noreg. Likevel har norske forskingsmiljø vist at dei hevdar seg i verdstoppen innanfor einskilde nisjar av hydrogenforskinga. Eit døme er det som skjer i regi av IFE og UiO når det gjeld lagring av hydrogen i metallhydrid. Me har dei seinare åra og sett at interessa for hydrogen som energiberar har auka. Til dømes i det grunnleggjande forskingsprogrammet "Energi for framtida" (2000-2006), har produksjon og utnytting av hydrogen til energiføremål fått ein sentral plass. Vidare vil satsinga på hydrogen og stå sentralt i Forskingsrådet sin nye struktur "FoU for næringsretta verdiskaping", som trer i kraft 1. januar 2002. Regjeringa har som kjent eir mål om å styrka satsinga på bruk av naturgass innanlands. Det er naturleg at tiltak for å auka innsatsen når det gjeld å forske, utvikle og ta i bruk hydrogen til energiføremål blir ein del av denne satsinga. Hydrogen kan og bli framstilt ved elektrolyse av vatn. Me veit at det finst planar for produksjon av hydrogen med straum frå til dømes nye fornybare energikjelder som vindkraft og bioenergi. Denne måten å framstilla hydrogen på vil og vera sentral når me aukar fokus på forsking og utvikling av hydrogen som energiberar.