Petter Løvik (H): Meiner statsråden det er i strid med "en samfunnsmessig ønsket lokaliseringspolitikk" at det blir bygt ein bowlinghall i Ulsteinvik, og i tilfelle, kvifor, og kan det verkeleg vere mindre ønskeleg at folket på ytre søre Sunnmøre får eit slikt kulturtilbod enn at folk i dei større byane får det?
Begrunnelse
Eit firma i Ulsteinvik ønsker å bygge ein bowlinghall for folket på ytre søre Sunnmøre i underetasjen til eit planlagt forretningsbygg. Dei er nå blitt nekta å gjennomføre dette fordi totalarealet vil kome over 3000 kvm og dermed bli ramma av etableringsstopp for kjøpesenter. Utan bowlinghallen vil arealet kome under grensa og dermed ikkje få problem med denne etableringsstoppen.
Eg synest det er heilt urimeleg at eit slikt prosjekt i ein utkantkommune på Sunnmøre skal stoppast, medan det same regelverket ikkje ville ha hindra ei liknande utbygging i dei større byane.
I kgl.res. frå 8. januar 1999 heiter det m.a. at "Den midlertidige etableringsstoppen har som formål å sikre en samfunnsmessig ønsket lokaliseringspolitikk."