Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:63 (2001-2002) Innlevert: 06.12.2001 Sendt: 06.12.2001 Besvart: 14.12.2001 av kirke- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland
Aud Gaundal (A): Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som har omlag 20 000 medlemmer i 450 lokallag. Aktivitetane er svært store, med mest fokus på dans, teater, bunads- og samfunnsarbeid. Økonomien er svært anstrengt og arbeidsstokken på kontoret er redusert med 78 pst. dei siste åra bl.a. fordi organisasjonen i 2001 fekk 1 733 773 kroner mindre i statleg tilskott enn i 1992. Noregs Ungdomslag har søkt om driftsstøtte til kulturfaglig arbeid. Kva muligheit ser statsråden for seg som kan avhjelpe situasjonen for Noregs Ungdomslag?
Valgerd Svarstad Haugland: I brev til Kulturdepartementet datert 3. mars i år skriv Noregs Ungdomslag m.a. at økonomien til organisasjonen dei siste 10 åra har vorte vanskelegare på grunn av redusert tilskot frå Barne- og familiedepartementet, mindre inntekter frå loddsal, færre medlemmer og økte offentlege avgifter. For å kompensere for dette og for å kunne halde fram med lokale aktivitetar knytt til folkedans og bunadsarbeid har organisasjonen søkt driftstilskot over Kulturdepartementets budsjett, seinast med brev til Kulturdepartementet datert 19. oktober i år. Departementet har avslått søknadene frå Noregs Ungdomslag om driftsstøtte tidlegare, og det er og mi haldning at det med dei ubundne midlane Kulturdepartementet kan disponere i 2002 ikkje vil være råd for departementet å gje støtte til Noregs Ungdomslag utover den støtta organisasjonen allereie mottar via Norsk Amatørteaterråd. Dette er midlar frå tilskotsordninga for frivillige organisasjonar (Frifond) og frå den ordinære støtta til amatørteaterarbeid. Det er ikkje mogleg for Kulturdepartementet å kompensere direkte for at tilskottet frå Barne- og familiedepartementet og andre inntekter har minka. Når det gjeld dei offentlege avgiftene, vil eg vise til at Regjeringa i St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002) har gjort framlegg om å avsette 100 mill. kroner under Finansdepartementets budsjett til kompensasjon av utgifter til meirverdiavgift i 2001 og 2002 for frivillige organisasjonar. Dette kommer i tillegg til dei 100 mill. kroner som den avgådde Arbeidarpartiregjeringa foreslo å sette av til dette formålet i St.prp. nr. 1 (2001-2002), slik at det totalt er gjort framlegg om å sette av 200 mill. kroner. Dersom heile beløpet ikkje blir nytta til meirverdikompensasjon, skal overskytande beløp fordelast til frivillige organisasjonar i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Dette forslaget ser eg på som nødvendig, men og som særs fordelaktig for dei frivillige organisasjonane totalt sett.