Heidi Grande Røys (SV): Norsk Bremuseum i Fjærland har arbeidd med å utvikle ei ny, interaktiv klimautstilling. Ei slik utstilling krev samarbeid med klimaekspertar frå ulike forskingsmiljø. Bremuseet har søkt om, og fått tilsegn frå FUNN-ordninga om tilskott for å finansiere arbeidet for åra 2001, 2002 og 2004. Stortingsfleirtalet har no vedtatt ei avvikling av FUNN-ordninga.
Vil utdannings- og forskingsministeren sørgje for at Bremuseet likevel får forskingsmidlar til å vidareføre dette prosjektet?
Begrunnelse
Norsk Bremuseum i Fjærland i Sogn har sidan opninga i 1991 hatt nær 750 000 besøkande, noko som gjer museet til eit av dei best besøkte musea utanom storbyane.
Bremuseet har arbeidd ei tid med å utvikle ei ny, interaktiv klimautstilling. Utstillinga tek føre seg klima og klimaendringar og konsekvensar av slike endringar for menneske og samfunn. Bremuseet sin arkitekt, Sverre Fehn, har teikna eit tilbygg til museet for den nye utstillinga. Planlagt opning er til sesongen 2004.
Å utvikle ei slik utstilling krev medverknad av m.a. klimaekspertar frå ulike forskingsinstitusjonar. Eit samarbeid mellom klimaekspertar og Bremuseet er allereie etablert. For å kunne finansiere arbeidet har Bremuseet søkt om, og fått tilsegn, frå FUNN-ordninga om tilskott for åra 2001, 2002 og 2004.
Stortingsfleirtalet har no vedtatt å avvikle FUNN-ordninga, og erstatte denne med ei skatteincentivordning som m.a. ideelle organisasjonar som Norsk Bremuseum ikkje kan nytte seg av.