Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden ta initiativ til at UDI i saker som gjeld søknad om opphaldsløyve i Noreg kan praktisera unntak frå 7 månaders regelen i openbert urimelege einskildtilfelle?
Begrunnelse
Eg viser til oppslag i Aftenposten 19. januar der det framgår at UDI i dag ikkje gir noko unntak frå dette kravet. Lesarane får meddelt eit døme på kor vanskeleg og urimeleg dagens praksis kan opplevast for ein person som har sterk tilknyting til Noreg, har familien sin her, men samstundes eit internasjonalt yrke som krev utøving utanfor landet sine grenser. § 45 i utlendingslova har si klare grunngjeving. Det same har forskrifta som stiller krav om sju månader i landet i løpet av tre år. Dømet viser etter mitt syn eit klart behov for fullmakt til UDI som gir rom for bruk av skjønn i spesielle tilfelle.