Bjørn Jacobsen (SV): Norsk bistand til Mosambik aukar og gis som budsjettstøtte. Samtidig møter Mosambik kritikk for manglande demokratisk utvikling, mangel på fri presse og auka voldsbruk.
Korleis kan norsk bistand innrettes for å bidra til å sikre demokratisk utvikling i Mosambik?
Begrunnelse
Mosambik er eit hovudsamarbeidsland for norsk bistand. Det er reist sterk kritikk mot mangel på openheit, korrupsjon og voldsbruk frå myndigheitene den seinare tid. Drapet på redaktør Carlos Cardoso i november 2000 ga grunn til å stille alvorlege spørsmål ved myndigheitenes vilje til å skape ei demokratisk utvikling.
Mykje tyder på at det politiske miljøet på høgt nivå også er ein del av den omfattande irregulære verksemda i landet. I denne samanheng virke det noe underleg at bistanden ikkje bindes meir og kobles opp til handlingsplanar mot korrupsjon. Ein teoretisk grobotn for å implementere norsk økonomisk innsats med politiske mål til mosambikiske myndigheiter er klart tilstede hvis det vises meir politisk vilje til dette.