Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:268 (2001-2002) Innlevert: 19.03.2002 Sendt: 19.03.2002 Besvart: 08.04.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland
Hallgeir H. Langeland (SV): Ved Nasjonalbiblioteket i Oslo (NBO) blir det den 2. april opna eit tilbod til publikum med sterkt redusert kapasitet. Fleire har karakterisert situasjonen som ein skandale og bede departementet om å gripe inn for å betre brukartilbodet ved denne nasjonale, publikumsretta kunnskapsinstitusjonen. Kva vil statsråden gjere for å sikre at det blir tilfredsstillande tilbod for publikum ved denne viktige institusjonen i byggje- og renoveringsperioden?
Viser til kronikk frå Edvard Hoem i Dagbladet 16. februar 2002 og leiarartikkel i same avisa 4. mars 2002.
Valgerd Svarstad Haugland: Etter kontakt med Nasjonalbiblioteket kan eg gi følgjande svar: Vidareutvikling og opprusting av Nasjonalbiblioteket er i dag den største statlege oppgåva på bibliotekområdet. I løpet av dei komande åra skal det finna stad tre større byggjeprosjekt ved Nasjonalbiblioteket: 1) Nytt magasin ved Oslo-avdelinga. 2) Nytt depot ved Rana-avdelinga.3) Rehabilitering og oppussing av bibliotekbygget på Solli plass i Oslo.Innflyttinga i nytt magasin ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo, krev omfattande førebuing, mellom anna klargjering av samlingar. Nasjonalbiblioteket må gjennomføra dei naudsynte prioriteringane innafor ramma av det styrkte driftsbudsjettet slik at prosjektet vert gjennomført etter tidsplanen. Eit noko innskrenka tenestetilbod er naudsynt mellom anna for å frigjere lokale og kompetent personell til naudsynte oppgåver før innflytting i nye magasin. Dette omfattar mellom anna reingjering og reemballering av samlingane. Enkelte element i samlingane har ikkje vore inspisert på om lag 80 år. I nært samband med denne klargjeringa finn det stad digitalisering og samordning av Nasjonalbibliotekets katalogar. Dette er ein viktig lekk i arbeidet med å effektivisera og vidareutvikla bibliografi- og katalogiseringstenestene og derigjennom leggja til rette for langt meir tilgjengelege samlingar. I sum vil desse tiltaka resultere i eit langt betre tilbod til brukarane.Biblioteket vil tilby noko innskrenka publikumstenester fram til opninga av det rehabiliterte bygget. Brukargrupper som i liten grad har nytta Nasjonalbibliotekets samlingar - mellom anna studentar som har nytta biblioteket som lesesal - vil måtta få dekt sine behov andre stader. For brukargrupper med særskilde behov for Nasjonalbibliotekets tenester vil det heile tida vera tilgang til mellombels lesesal i det nærliggjande "Indeksbygget". Spesialsamlingane vil alle vera tilgjengelege, men rett nok med noko redusert opningstid. Innskrenkinga i tenestetilbodet er såleis langt frå dramatisk. At brukargrupper som nyttar biblioteket si Oslo-avdeling som sin "arbeidsplass" kan oppfatta denne prosessen som ugrei, er forståeleg, men rehabiliteringa inngår som ein naudsynt lekk i ei sterkt tiltrengt opprusting av bygningar og servicenivå. I byggje- og rehabiliteringsperioden vil ein dekkje brukargruppene sine behov, sjølv om dette vil skje i form av mellombels løysingar. Frå departementet si side vert det arbeidd aktivt med å sikra best mogeleg framdrift i byggje- og opprustingsprosjekta.