Eli Sollied Øveraas (Sp): Av den totale løyvinga på 1 050 mill. kr til ferjedrift i 2001, vart 158 mill. kr tildelt Møre og Romsdal. Ingen av dei 4 stamvegsambanda oppfyller Stortingets intensjon mht. frekvens på avgangar. Med den lave ramma fylket har innan sektoren, er det uråd å løyse dei problema fylket har innan sektoren.
Meiner statsråden at fordelinga gjenspeiler det rettmessige behovet Møre og Romsdal har, og kva vil statsråden gjere for å betre ferjetilbodet i landets største ferjefylke?
Begrunnelse
Møre og Romsdal har flest ferjesamband i landet med 24 samband. Av desse er 4 stamvegsamband. Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) har landets eldste ferjeflåte, er det rederiet som har dårlegast kapasitetsdekning i riksvegsambanda, og har og dårleg dekning med reserveferjer i eigen flåte. Kvar dag står det igjen 300 bilar, noko som tilsvarer ein ulempekostnad for trafikantane på over 200 mill. kr årleg. I eitt av stamvegsambanda, Molde-Vestnes, stod det i 2001 igjen 11 400 køyretøy. Ingen av stamvegsambanda har nattavgangar. I St.meld nr. 46, Nasjonal transportplan, uttrykker Regjeringa at ferjer i stamvegsambanda skal som utgangspunkt ha halvtimes avgangar 18 timar i døgnet og timesavgangar for øvrig. Under behandlinga i Stortinget, sa komiteen fylgjande:
"Komiteen mener at stamvegsambandene minst bør ha halvtimesavganger 18 timer i døgnet og timesavganger for øvrig, dersom spesielle forhold ikke tilsier noe annet." Både pendlere, næringsliv og øvrige reisande i Møre og Romsdal er utålmodige etter at Stortingets vedtak skal oppfyllast. Men med 158 mill. kr til landets største ferjefylke, noko som tilsvarer om lag 15 pst. av den totale tildelinga, er dette uråd.