Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:320 (2001-2002)
Innlevert: 18.04.2002
Sendt: 19.04.2002
Besvart: 24.04.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Vil statsråden medverka til at GIEK si garantiordning for eksportkreditt får utvida ramme, eller på annan måte medverke til at fleire norske verksemder kan delta i lønnsame prosjekt i utviklingsland i år?

Begrunnelse

GIEK si garantiordning for eksportkreditt skal fremja eksport til og investeringar i utviklingsland kor risikoen er for høg til at den kan takast under "Alminnelig ordning". I 2000 blei garantiramma utvida frå 0,9 til 1,5 mrd. kr. Men selskap som har nytta seg av denne ordninga melder at ramma for denne i dag er fullt utnytta. Dette fører til at norske bedrifter ikkje kan delta i lønnsame prosjekt i utviklingsland pga. manglande finansieringsvilkår frå Noreg.
Det har dei seinare åra vore ein omfattande auke i etterspurnaden etter desse garantiane. Me veit og at tapa på denne ordninga har vore svært avgrensa.

Ansgar Gabrielsen (H)

Svar

Ansgar Gabrielsen: Som nærings- og handelsminister er det mitt mål å legge til rette for høgast mogleg verdiskaping. Dette krev at vi fokuserer på konkurransevilkåra til norske verksemder i internasjonal samanheng. Betring av dei generelle rammevilkåra for næringslivet vil etter mi meining ha større verknad enn vidare utbygging av selektive stønadsordningar. Ideer blir til og nyskaping oppstår der rammevilkåra er gode. For å hindre at dei beste investeringane og ideane flytter til land med meir konkurransedyktige rammevilkår, er det naudsynt med ein gradvis reduksjon av skatte- og avgiftsnivået i Noreg, ein forsterka innsats for å redusere skjema- og forskriftsveldet og tiltak for å sikre tilgang på dugande arbeidskraft og for å stimulere til auka forsking. Dette vil, etter mi meining, gje det beste grunnlaget også for ein konkurransedyktig norsk eksportindustri.
Sjølv om GIEK si garantiordning for eksport til og investeringar i utviklingsland (U-landsordninga) har medverka til norsk eksport til utviklingsland, kan dei fleste garantisøknadene til land der norske verksemder eksporterer handsamast under "Alminnelig ordning". Det er rett at tapa på U-landsordninga har vore små så langt, men det er stor risiko i porteføljen. Det vil vere naudsynt med ny løyving dersom vi går til det skrittet å auke ramma. Innafor budsjettrammene for 2002 har vi ikkje funne plass til auka løyving til ordninga.
Gjennom at OECD-landa no bind av stønaden til dei minst utvikla landa opnast nye marknader for norske verksemder. Dette inneber at leveransar til prosjekt i utviklingsland skal konkurranseutsetjast og ikkje lenger vere bunde til det landet som gir stønad. Dette fører til at norske verksemder nå kan konkurrere om langt fleire prosjekt. Regjeringa vil arbeide for at informasjon om kva prosjekt som planleggjast skal bli lett tilgjengeleg for norske verksemder.