Olav Akselsen (A): Vil statsråden påskynde gjennomføring av Næringslovsutvalet sitt framlegg om å samordna pålegg frå namsmakta til arbeidsgjevarar om tvangsinndriving av offentlege og private pengekrav gjennom lønstrekk hjå tilsette?
Begrunnelse
I dag kan einkvar namsmakt påleggje arbeidsgjevarane å tvangsinnfordra offentlege og private pengekrav gjennom lønstrekk hjå tilsette. Dette inneber at arbeidsgjevar kan påleggjast å trekkja fleire krav hjå same arbeidstakar kvar månad. I verste fall kan desse pålegga koma frå fem forskjellige namsmynde. Krava vert anten innbetalt til namsmakta eller til rette kreditor for kravet. Dette kan medføra omfattande arbeid og administrative kostnader for arbeidsgjevar. Næringslovutvalet reknar med at ca. 30 pst. av alle arbeidstakarar som har lønstrekk, har trekk for meir enn eitt krav pr. månad.
Næringslovsutvalet, som vart leia av Helge B. Andresen, la fram innstillinga si i juni 1999. Dei føreslo å oppretta ein sams innkrevjingssentral for å samordna slike krav. Dette ville gje berre eitt kontaktpunkt for arbeidsgjevar ved innbetaling av lønstrekk - og sannsynlegvis gje omfattande innsparingar for arbeidsgjevarar. I tillegg inneber det at arbeidsgjevar ikkje får innsyn i kva pengekrav ein debitor har mot seg, og såleis er det og eit bidrag for betre personvern.
Utvalet såg det som mest realistisk å gjennomføra dette ved å utvida Statens Innkrevingssentral til ein landsdekkjande sentral, slik at alle namsmynder melder krava sine til denne. Sentralen vil då fungera som ein sams rekneskapssentral slik at alle overføringane går til ein instans. Sentralen vil då vidareføra pengane til rette kreditor. Utvalet si innstilling er ikkje følgd opp ved at slike forslag er forelagt Stortinget.