Skriftlig spørsmål fra Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A) til justisministeren

Dokument nr. 15:457 (2001-2002)
Innlevert: 11.06.2002
Sendt: 12.06.2002
Besvart: 20.06.2002 av justisminister Odd Einar Dørum

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A)

Spørsmål

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Ifølgje Stavanger Aftenblad er det nyleg tilsett sju nye leiarar ved det nye Rogaland politidistrikt i Stavanger. Alle dei tilsette er menn, og alle har i dag sitt arbeid ved Stavanger politikammer - ingen ved Rogaland politikammer i Sandnes.
Kva vil statsråden gjera for å sikra breiare rekruttering til leiarstillingar i politiet?

Begrunnelse

Det har i mange samanhengar vorte påpeika at det er viktig med brei rekruttering til stillingar på alle nivå i politiet. Det har til nå vore få kvinnelege leiarar i politietaten. I samband med ny organisering av politiverksemda vert mange stillingar lyste ut. Det ligg føre informasjon om at det berre eller stort sett vert tilsett menn i desse stillingane. Dette er lite i tråd med målsetjinga om brei rekruttering, og mykje tyder på at det og kan vera i strid med lov om likestilling.
Det særeigne her er at det samstundes berre er personar som nå er tilsette ved Stavanger politikammer som er tilsette i desse leiarstillingane. Det tykkjest og å vera eit problem statsråden bør sjå nærare på.

Odd Einar Dørum (V)

Svar

Odd Einar Dørum: Arbeidet med likestilling i politi- og lensmannsetaten starta opp i 1990. Politiavdelinga i Justisdepartementet utarbeidde i 1995 den første handlingsplanen for likestilling. Med bakgrunn i dei erfaringar som er gjorde, er handlingsplanen revidert ved to høve: Første gong for perioden 1. januar 1998 - 31. desember 1999, og nå for tidsrommet 1. januar 2000 - 31. desember 2002. Denne ligg til grunn for Politidirektoratet og politidistrikta sitt arbeid med likestilling til og med 31. desember 2002.
Hovudmålet for handlingsplanen er å gje like vilkår for kvinner og menn. Planen har fem delmål: rekruttering, kompetanse, arbeidsordningar, økonomi og kvinnenettverk og kontaktpersonar. For gjennomføring av dei fem delmåla vart det foreslått følgjande tiltak:

1. Mål: Rekruttering

Det skal praktiserast positiv særbehandling av kvinner. Melder det seg fleire søkjarar med tilnærma like kvalifikasjonar, skal kvinner ha rett til stillinga dersom det er mindre enn 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingsgruppa i politidistriktet. Det vert streka under at dette også gjeld for leiarstillingar. Annonse/kunngjering skal utformast slik at den er attraktiv for begge kjøn. For stillingskategoriar der det er mindre enn 40 pst. kvinner i politidistriktet, skal kvinner oppmodast til å søke. Politiet skal tilstreve auka kvinnerepresentasjon i råd, utval med meir. Det gjeld og i tilsettingsråd, arbeidsmiljøutval o.a.
- Tiltak: Rapport om deltaking i råd, utval m.m. skal hentast inn av likestillingskontakten og sendast til Justisdepartementet innan 15. november kvart år.

2. Mål: Kompetanse

- Tiltak: Utarbeide individuelle kompetanseplanar, tildele kompetansegjevande arbeidsoppgåver likt mellom begge kjønn.
- Tiltak: Bevisstgjere, oppmode og motivere kvinner til å søkje etter- og vidareutdanning.
- Oppfølging: Prosjekt Lederutviklingsprogram for kvinner er under utvikling. Dette er basert i e-læring og fire seminar (à 20 timar) i løpet av eitt år. Det er planlagt å starte med eit pilot prosjekt hausten 2002. I tillegg er det planlagt eit mentorprogram for kvinner.

3. Mål: Arbeidsordningar

- Tiltak: Tilhøva skal leggast til rette slik at vilkåra blir reelle for å arbeide deltid (jf. arbeidsmiljølova § 46A), bl.a. legge til rette for bruk av tidskonto. I den grad det er mogleg skal ein gje tilsette med omsorgsansvar høve til å gå ut av tenestelista i ein periode.

4. Mål: Økonomi

- Tiltak: Likestillingsfremmende tiltak skal innarbeidast i det einskilde politidistrikt/særorgan sitt budsjett. Det skal setjast av budsjettmiddel til drift av slike tiltak.

5. Mål: Kvinnenettverk og kontaktpersonar

- Tiltak: Arrangere temadagar for kvinnene i politidistriktet.
- Tiltak: Opprette kvinnenettverk.
- Tiltak: Det skal veljast kontaktperson for likestilling i politidistriktet blant ein av dei kvinnelege tilsette.
- Oppfølging: Det har blitt oppretta kvinnenettverk for alle tilsette i politi- og lensmannsetaten i nesten alle politidistrikta, og nettverk for kvinnelege leiarar. Politidirektoratet har arrangert konferanse for kvinnelege leiarar to gonger i år.

Ansvar for gjennomføring av dei nemnde tiltaka ligg hovudsakleg hos politimeisteren, leiarane for driftseiningar og prosjektgruppa for likestilling. Politimeistrane har klare retningsliner ved innstilling til tilsetjingsråda når det gjeld omsynet til likestilling. Likestilling skal brukast som eit personalpolitisk verkemiddel for å fremje effektiviteten, auke trivselen og betre samarbeidsmiljøet mellom kvinner og menn. Eg er orientert om at politimeistrane skal rapportere resultata i likestillingsarbeidet.
Ein oppdatert manuell statistikk frå Politidirektoratet viser at totalt sett har etaten 16,6 pst. polititenestekvinner og at delen kvinnelege leiarar med personalansvar er 10,2 pst. pr. 12. juni 2002. Ca. 33 pst. av politistudentane som blir uteksaminerte pr. 21. juni 2002, er kvinner. I tildelingsbrevet for 2002 er Politidirektoratet gitt i oppdrag å prioritere likestillingsarbeidet. Departementet har bede direktoratet om eit nytt oversyn over kvinnedelen totalt og i dei ulike leiarerstillingane.
I samband med Politireform 2000 arbeider Politidirektoratet med ein overordna personalpolitikk for politi- og lensmannsetaten. Denne vil førelegg i næraste framtid. Denne personalpolitiske strategiplanen vil også ligge til grunn for direktoratets vidare arbeid med likestilling.
Eg gjer merksam på at same svar er sendt stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen, ref. spørsmål nr. 442.