Skriftlig spørsmål fra Eli Sollied Øveraas (Sp) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:460 (2001-2002)
Innlevert: 12.06.2002
Sendt: 13.06.2002
Besvart: 21.06.2002 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Eli Sollied Øveraas (Sp)

Spørsmål

Eli Sollied Øveraas (Sp): Under handsaminga av Innst. S. nr. 142 for 2001-2002 25. april 2002 svara statsråden positivt på eit spørsmål om å ta initiativ overfor NRK med tanke på at teknologi frå andre land kan takast i bruk i Noreg, slik at direktesendte program vert teksta.
Har statsråden tatt opp dette med NRK, og er det noko som tyder på at våre om lag 600 000 hørselshemma snart kan fylgje nyhende- og aktualitetsprogram i etermedia på lik line med andre sjåarar?

Begrunnelse

Det er om lag 600 000 hørselshemma som lever og bur i Noreg. Det er viktig at denne gruppa får tilgang til vårt viktigaste medium, nemleg TV. I dag vert førehandsproduserte program teksta, men ikkje direktesendte program i NRK eller andre TV-kanalar. Det er eit demokratiproblem at så mange som 600 000 vert ekskluderte frå samfunnsdebatten ved at dei ikkje kan fylgje direkte nyhende- og aktualitetsprogram på TV. I fleire land er det utvikla teknologi for teksting av direktesendingar.

Valgerd Svarstad Haugland (KrF)

Svar

Valgerd Svarstad Haugland: Eg har vore i kontakt med NRK om denne saka. NRK gjer no forsøk med direkteteksting med tilgjengeleg utstyr. Om kort tid vil NRK ta stilling til om kvaliteten på tekstinga med hjelp av dette utstyret er god nok.
I fleire år har NRK òg samarbeidd med forskingsstiftinga SINTEF om å utvikle ein teknologi som kan gjera om tale til tekst på skjermen. Teknologien er komplisert, og er enno ikkje ferdig utvikla. NRK følgjer utviklinga innan slik talegjenkjenningsteknologi, og vil ta han i bruk så snart teknologien er god nok.
Totalt tekstar NRK no 60 pst. av sendingane sine. Store delar av nyhendesendingane blir teksta. Dette gjeld innslag som er produserte noko tid før sending.
NRK driv, som ein av få kringkastarar i verda, ein eigen satellittsendt tegnspråk-kanal. Via denne kanalen blir sendingane mellom kl. 18 og 20 og programmet Redaksjon 21 på NRK1 tolka for døve.
TV 2 tekstar ein liten del av sendingane sine. I den nye konsesjonen som tek til å gjelda frå 2003, er dei forplikta til å teksta sendingane frå kl. 18 til 22 kvar dag om det er mogeleg av omsyn til produksjonstida. TV 2 skal òg ta i bruk teknologi for automatisert simultanteksting så snart slik teknologi er god nok.
Teksting av direktesendte program er teknisk komplisert om resultatet skal bli bra, særleg for lengre sendingar. Eg vil følgje opp at allmennkringkastarane våre tek i bruk dei nye tekstemetodane som blir utvikla.