Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Stortinget har vedteke oppmjuking i regelverket i forhold til sesongarbeid og bruk av utanlandsk arbeidskraft.
Kan statsråden stadfeste at dette er formidla til UDI og at det er etablert ein romslegare praksis på dette feltet?
Begrunnelse
Eg er gjort kjend med at Viken Gartneri fekk store vanskar med drifta si som fylgje av avslag på søknad om sesongarbeidsløyve. Gartneriet hadde all grunn for å rekne med eit positivt svar. Aetat Stranda tildelte i februar løyve for ti personar frå visumfrie land. UDI avslo i brev av 8. april dei same løyva. Det har seinare vore korrespondanse frå Norsk Gartnerforbund til UDI og saka ser no ut til å finne si løysing i denne omgang. Det er einskildsakene som gir andlet til gjeldande praksis. Eg finn handteringa av denne saka å vere i strid med dei signala statsråden har gitt og som også Stortinget har vore opptekne av skal gjelde. Eg ber difor statsråden gjennomgå og klargjere ei praktisering av lovverket som ikkje gir grunn for mistyding.