Hallgeir H. Langeland (SV): Dersom det er mogleg å få fleire til å reise med tog, i staden for t.d. fly, ville utsleppa av klimagassar bli kraftig reduserte. Og ved etableringa av eit kvoteregime vil utslepp i framtida ha ein økonomisk kostnad for den som står for utsleppa.
Er statsråden samd i at det er viktig å planleggje for å redusere utsleppa av klimagassar, ev. er han også samd i at nye prosjekt som kan redusere desse utsleppa, må kunne ta dette med i kostnadsoverslaga?
Begrunnelse
Viser til artikkel i avisa Ryfylke fredag 9. august i år, kor det kjem fram at ein høgfartsbane mellom Aust- og Vestlandet vil kunne spare miljøet for nær 400 000 tonn CO2, og den utgreiinga som samferdsleministeren gjer på høgfartsbane. Viser også til at dei i Frankrike og Spania legg stor vekt på reduserte klimaproblem ved utbygging av høgfartsbanar.