Skriftlig spørsmål fra Haakon Blankenborg (A) til arbeids- og administrasjonsministeren

Dokument nr. 15:579 (2001-2002)
Innlevert: 23.09.2002
Sendt: 24.09.2002
Besvart: 02.10.2002 av arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman

Haakon Blankenborg (A)

Spørsmål

Haakon Blankenborg (A): Importerte byggjematerialar saman med handverkarar frå lågkostland har ført til breiare tilbod og meir konkurranse for m.a. lafta hus i Noreg. Det er ein utbreidd mistanke om at enkelte ikkje følgjer dei sama standardar og krav som dei norske konkurrentane må bruke.
Vil statsråden ta initiativ slik at denne mistanken kan bli rydda av vegen og slik at det blir slutt på eventuell omgåing av reglane?

Victor D. Norman (H)

Svar

Victor D. Norman: Først ønskjer eg å gi uttrykk for at eit breitt tilbod og auka konkurranse er bra, på dette området som på alle andre område. Det gir forbrukarane høve til å velje, både når det gjeld kvalitet og pris.
Spørsmålet representanten Blankenborg stiller inneheld ulike element, og ikkje alle høyrer til mitt departement. Det kan dreie seg om skatte- og avgiftsspørsmål, det kan vere problemstillingar knytte til arbeids- og opphaldsløyve og det kan dreie seg om spørsmål knytte til løns- og arbeidsvilkår samt helse, miljø og tryggleik. Det sistnemnde høyrer under mitt ansvarsområde.
Bygg- og anleggsbransjen er ein bransje som har vore nøye følgt opp av arbeidsmiljøstyresmaktene på grunn av risikoen for skadar og arbeidsulykker. Frå 1999 til 2001 blei det til dømes gjennomført ein landsdekkjande kampanje som var retta mot bygg- og anleggsbransjen. Formålet var at bransjen skulle bli betre rusta til å ta vare på helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet på arbeidsplassen.
Etter ein rask gjennomgang i dei ulike distrikta, ser det ut til at den spesielle problemstillinga representanten Blankenborg tek opp, særleg gjeld for hyttebygging i Oppland og Hedmark.
Derfor har Arbeidstilsynet 3. distrikt (Hedmark og Oppland fylke) teke initiativ til eit prosjekt der ein skal sjå på tilhøvet for helse, miljø og tryggleik på byggjeplassane, og då særleg for arbeidskraft med utanlandsk opphav. Ein er klar over at mange utanlandske arbeidstakarar ikkje har arbeidsavtalar, dei har dårlege løns- og arbeidsvilkår, arbeidstida er ikkje i samsvar med reglane og kvile- og buforhold er ikkje gode nok. Ofte kan språkvanskar gjere det vanskeleg å gje nødvendig opplæring. Dette kan innebere ein fare for tryggleiken. Arbeidstilsynet vil derfor sjå nærmare på arbeidsvilkåra til desse, og målet er å kartleggje og å medverke til at ulovlege forhold blir retta opp.
Det er likevel viktig å understreke at arbeidsmiljøstyresmakta ikkje kan gjere dette arbeidet på eiga hand. Spørsmål om arbeidsløyve er til dømes ei oppgåve for politi- og utlendingsstyresmakta å handheve. Vidare vil kommunane ha eit ansvar når det gjeld byggjesøknader. Om det blir nødvendig vil Arbeidstilsynet 3. distrikt samarbeide med og be andre etatar om hjelp.
Eg kan vidare informere om at direktøren i Direktoratet for arbeidstilsynet, Skattedirektøren, leiaren i Fellesforbundet og direktøren i Byggenæringens Landsforening har teke initiativ til eit nærmare samarbeid. Dei har hatt eit møte der dei blei samde om å forsterke samarbeidet for å kjempe mot lovbrott i bygg- og anleggsbransjen. Det er viktig å understreke at samarbeidet må ta omsyn til deira ulike roller og ansvarsområde.
Etter mi meining har styresmaktene sterkt fokus på dette området. Samstundes er det viktig å understreke at både arbeidsgjevarane og andre aktørar har eit ansvar for å overhalde norske lover og reglar.