Bjørn Jacobsen (SV): Kan miljøvernministeren ta initiativ til at utgreiing blir sett i verk slik at ein får oversikt over kor stort omfanget er av forureina sedimenta utafor kaia og i fjorden ved Raudsand (Same sak gjeld òg for deponiet i Bergmeisteren og gamle gruvegangar), er det mogleg å sette ein pris på kva det vil koste å rydde opp, og ser miljøvernministeren det mogleg at staten, ut i frå samfunnsmessige høve, bør delta økonomisk i ei eventuell opprydding eller i alle fall få fram prisen på kva det vil koste å rydde opp?
Begrunnelse
I Stortingets spørjetime 16. oktober 2002 uttalte miljøvernministeren at prinsippet om at forureinaren skal betale bør gjelde for tilhøva som er oppstått ved Aluscan bedrifta på Rausand i Nesset kommune. No er det stor uvisse knytt til om de som eig bedrifta er i stand til å rydde opp, og til kor stort omfanget av forureininga er.
Saka går no for domstolane i høve til de ansvarlege for det som har skjedd ved bedrifta. Spørsmålet for samfunnet er korleis dette kunne skje. SFT er blitt forleda 31 gonger. Kommunehelsetenesta, bedriftshelsetenesta og fylkesmannen har og skal ha ei ansvarleg rolle i slike høve. Samla sett må det være mogleg å si at ansvaret for det som har skjedd ligg også hos dei offentlege tilsynsorgana som er til for å hindre at samfunnet kjem opp i ein slik situasjon, som ein har gjort på Raudsand.
I over 20 år har det vore drift, og med ei meir konsekvent linje frå tilsynsmyndigheitene på et tidlegare stadium ville moglegheitene for å rydde opp vore større. Den tryggingsventilen som offentlege tilsynsorgan skal være har openbart ikkje fungert i Aluscan saka. Det ville då ikkje være urimeleg at det offentlege tar på seg deler av det nødvendige undersøkings- og oppryddingsarbeidet, som er naudsynt ut i frå det overordna omsynet til helse og miljø lokalt på Raudsand.
Både kommunane rundt og de som driv næring eller fritidssyslar i og ved fjorden har krav på å få vite status på forureiningane, og om det skal ryddast opp ein gong for alle.